Mihai Eminescu (fødd 15. januar 1850 i Botoșani ved Czernowitz, daud 15. juni 1889 i București) var ein seinromantisk diktar, som vert rekna for å vere den rumenske nasjonalskalden. Mellom dei mest kjende dikta hans er «Luceafărul» ('Kveldsstjerna'), «Mai am un singur dor» ('Eg har eit enkelt ynskje att'), og fem Scrisori ('Epistlar').

Mihai Eminescu

Verkeleg namn Mihail Eminovici
Statsborgarskap Moldavia, De forenede fyrstedømmene Moldavia og Vallakia, Kongedømet Romania
Fødd 15. januar 1850
Botoșani
Død

15. juni 1889 (39 år)
București

Yrke skodespelar, prosaforfatter, journalist, bibliotekar, essayist, skribent, lyrikar, politikar
Sjanger dikt
Medlem av Rumenske akademi, Junimea, Timpul
Far Gheorghe Eminovici
Mor Raluca Eminovic
Signatur
Mihai Eminescu på Commons

Eminescu var aktiv i den litterære forreiniga Junimea, han var eit framståande medlem i det rumenske konservative partiet, og journalist i Timpul.

«Mihail» er ei meir arkaisk form av «Mihai», som er den rumenske forma av «Michael». Begge formene var i bruk i levetida til Eminescu, og han brukte også sjølv begge formene, men i Romania i dag vert han vanlegvis omtala som «Mihai Eminescu».

Far hans heitte Gheorghe Eminovici og var frå Călinești, ein landsby som då låg i den austerrikske provinsen Bukowina. Han reiste over grensa til Moldovia og slo seg ned i nærleiken av byen Botoșani og han gifte seg med Raluca Iurăscu som kom frå ein gammal moldovisk adelsfamilie.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mihai Eminescu
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.