Botulinumtoksin
nevrotoksin produsert av bakterien Clostridium botulinum
Botulinumtoksin (forkorta BTX) er eit protein og nevrotoksin som blir laga av bakterien Clostridium botulinum.[1] Det blir også framstilt kommersielt til medisin, kosmetikk og forsking. Det finst to kommersielt tilgjengeleg former: botulinumtoksin type A og botulinumtoksin type B.
Botulinumtoksin er det mest akutt giftige toksinet som er oppdaga, med estimert LD50 hjå menneske på 1,3-2,1 ng/kg intravenøst eller intramuskulært, og 10-13 ng/kg ved innanding. BTX kan føra til botulisme, ein alvorleg og livstrugande sjukdom. Botulinumtoksin type A og B blir bruka medisinsk for å behandle øvre motornevronsyndrom, fokal hyperhidrose, blefarospasme, skjegling, kronisk migrene og bruksisme.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Botulinum toxin» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2014.
- ↑ Øye, Ivar (22. juli 2014). «botulinumtoksin». Store Medisinske Leksikon (Store Norske Leksikon). Henta 4. desember 2014.