Botzer
Botzer er eit 3 250 meter over havet høgt fjell i Stubaialpane i provinsen Bolzano i Italia.
Botzer | |||
fjell | |||
Botzer, sett frå nordvest
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Stubaialpane | ||
Høgd | 3 250 moh. | ||
Førstestiging | 1874 | ||
Koordinatar | 46°55′51″N 11°11′53″E / 46.93083°N 11.19806°E | ||
Botzer 46°55′51″N 11°11′53″E / 46.930833333333°N 11.198055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Botzer |
Kring fjellet ligg isbrear i nordvest og i aust. I nordvest breier seg sørdelen av Botzerferner, som når heilt opp til om lag 3 200 meters høgde, i aust når Hangende Ferner heilt opp til tindekrossen på fjellet. Mot nord, søraust og vest går markerte egger.
Frå landsbyen Ridnaun tok fjellklatraren Theodor Petersen og fjellføraren Alois Ennemoser seg heilt til topps på Botzer den 16. juli 1874, og vart dermed dei fyrste som kunne skode ut frå fjelltoppen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Botzer» frå Wikipedia på tysk, den 1. august 2014.