Bow Creek er namnet på dei siste tre kilometrene av elva Lee i London. Dette stykket av elva skil seg ut frå resten ved at det er påverka av tidvatn frå Themsen, som ho munnar ut i. Ho blir difor i praksis ofte rekna som ei eiga elv.

Bow Creek
elv
Bow Creek (lengst til venstre) møter Limehouse Cut (kanal til høgre), ved Bow Locks på Lee Navigation (i midten); med utsyn mot Docklands i London.
Land  Storbritannia
Kart
Bow Creek
51°30′26″N 0°00′33″E / 51.5073°N 0.0092°E / 51.5073; 0.0092
Wikimedia Commons: Bow Creek

Tidlegare var det skipsverft ved Orchard House Yard, og skipa vart sjøsett på elva slik at dei kunne segle nordover på Lee Navigation via slusene Bow Locks, eller sørover til Themsen. I 1810 vart det bygd ei jernbru over elva.

Kart frå kring 1872 med Victoria Docks, no Royal Victoria Dock, Bow Creek og Thames Ironworks and Shipbuilding Company.
Bow Creek ved høgvatn.

Kjelder

endre