Lee eller Lea er ei elv i England. Ho renn frå Leagrave Park i Leagrave i Luton til London der ho renn ut i Themsen. Det siste stykket før Themsen er kjent som Bow Creek.

Lea/Lee
elv
Lee ved Hertford Basin
Land  England
Lengd 68 km
Kjelde
 - stad Leagrave, Luton
 - høgd 115 moh.
Kart
Lee i England
51°54′37″N 0°27′40″W / 51.9103°N 0.4612°W / 51.9103; -0.4612
Wikimedia Commons: River Lea

Namnet Lea er det vanlegaste vest for Hertford, medan begge stavemåtar blir brukt om kvarandre mellom Hertford og Themsen. Leekanalen har eigenleg ikkje alternativ skrivemåte, sidan han har fått namn gjennom eit parlamentsvedtak, men òg der blir brukt nokre gonger stavemåten Lea.

Elveløpet endre

Kjelda blir vanlegvis rekna for å vere ved Well Head i Waulud's Bank på Leagrave Common, men elva får òg vatn frå ein bekk som startar 3 km lenger vest, i Houghton Regis. Ho renn forbi eller gjennom Luton, Harpenden, Welvyn Garden City, Hertford, Ware, Hoddesdon, Cheshunt, Waltham Abbey, Essex, Ponders End, Edmonton, Tottenham, Upper Clapton, Hackney Wick, Stratford, Bromley-by-Bow, Canning Town og tilslutt Leamouth der ho under namnet Bow Creek renn ut i Themsen. Elva utgjer den tradisjonelle grensa mellom Middlesex og Essex, og utgjorde delar av grensa mellom områda til Danelagen og angelsaksarane.

Kjelder endre