Brønnkarse
- For vassplanten brukt til mat, sjå engelskkarse.
Brønnkarse eller brunnkarse (Rorippa palustris) er ein urt i krossblomfamilien som veks på fuktig jord . Han er ein eitt- eller toårig plante som blir 20–50 cm høg. Brønnkarse har fjørdelte blad og lysegule blomar.
Brønnkarse | |
Brønnkarse | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Krossblomfamilien Brassicaceae |
Stamme: | Cardamineae |
Slekt: | Rorippa |
Art: | Brønnkarse R. palustris |
Vitskapleg namn | |
Rorippa palustris |
Brønnkarse er ein utbreidd plante i delar av Afrika og mykje av Eurasia, Nord-Amerika og Karibia.[1] I Noreg veks han over heile landet.[2] Han finst også som innført art og ugras i andre delar av verda, som Australia og Sør-Amerika.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 GRIN (22 April 2010). «Rorippa palustris information from NPGS/GRIN». Taxonomy for Plants. National Germplasm Resources Laboratory, Beltsville, Maryland: USDA, ARS, National Genetic Resources Program. Henta 14 July 2013.
- ↑ «Brønnkarse». Store norske leksikon. 14. februar 2009.