Bragdøya
Bragdøya er ei øy i Kristiansandsfjorden. Øya er eigd av Kristiansand kommune som kjøpte ho i 1969 med statleg tilskot. Dette vart gjort med klausul om at øyane skulle vere eit rekreasjonsområde for byen. Til Bragdøya sitt friareal høyrer òg dei nærliggande øyane Timlingene, Svendsholmen, Blomsterøya, Langøya, Ragnhildsholmen og Hestehaue.
Bragdøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sørlandet |
Koordinatar | 58°07′06″N 07°59′34″E / 58.11833°N 7.99278°E
|
Høgaste punkt | 35 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vest-Agder
|
På Bragdøya og øyane rundt er det ein del eldre hytter. Hytteeigarane har berre bruksrett på desse fram til 2010.
Historikk
endreDet har i fleire hundre år vore busetnad på Bragdøya. «Siffuord Bragdøen» er nemnd i skriftlege kjelder som eigar frå 1610 og utover. I tillegg er det nemnd ein «Oluff» som medeigar.
Byen sin første lystgard vart oppført på Bragdøya av by- og rådstoveskrivar Henrik Arnold Thaulow rundt 1770. Thaulow var morfar til Camilla, Oscar og Henrik Wergeland og borna var fleire somrar på øya med foreldre og besteforeldre. I dag vert Thaulow sitt hus nytta som café.
Siste fastbuande, som pakta garden, flytta inn til fastlandet i 1952.