Braid er eit hjernetrim-plattformspel utvikla av Jonathan Blow. Det vart opphavleg utgjeve i august 2008 på Xbox Live Arcade-tenesta for Xbox 360, og seinare på Microsoft Windows i april 2009, OS X i mai 2009, PlayStation 3 i november 2009 og Linux i desember 2010. Jonathan Blow utvikla spelet åleine over ein periode på tre år. Den kunstnariske stilen vart laga av David Hellman og gjekk gjennom fleire iterasjonar før han tilfredsstilte visjonen Blow hadde for spelet.

Braid

Utviklar(ar)Number None
Utgjevar(ar)Microsoft (X360)
Number None
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store, PlayStation Now, PlayStation Store
Design(ar)Jonathan Blow
KunstnarDavid Hellman
Plattform(er)Xbox 360, Microsoft Windows, OS X, Linux, PlayStation 3
UtgjevingXbox 360
NA: 6. august 2008
Microsoft Windows
10. april 2009
OS X
20. mai 2009
PlayStation 3
NA: 12. november 2009
EU: 17. desember 2009
Linux
14. desember 2010
SjangerHjernetrim, plattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttp://braid-game.com

Braid handlar om protagonisten Tim som prøver å redde ei prinsesse frå eit monster. Passasjar med tekstar som spelaren må gjennom avslører eit mangsidig narrativ, som gjev hint om kontemplasjonane og motivasjonane til Tim. Spelet har fleire element frå plattformsjangeren, samtidig som det integrerer manilpulering av tid og bruk av andre overnaturlege krefter. Spelaren bruker desse eigenskapane for finne puslebrikker og kome vidare i spelet.[1]

Braid har tent inn nærmare seks millionar US-dollar per 2015, som Blow brukte til å finansiere det neste spelet sitt, The Witness, eit tredimensjonalt hjernetrimspel utgjeve i 2016.[2]

Kjelder endre

  1. «ANMELDELSE: Braid». Gamer.no. 26. august 2008. Henta 8. februar 2020. 
  2. Parkin, Simon (3. april 2014). «The Guilt of the Video-Game Millionaires». The New Yorker. Condé Nast. Henta 8. februar 2020.