Gamer.no
Gamer.no er ein norsk nettstad for dataspel. Nettstaden vart lansert i april 2001 av Tor-Steinar Nastad Tangedal som no er redaktør. Gamer.no lagar journalistikk både på bokmål og nynorsk og tilbyr mellom anna omtalar, sniktittar, artiklar, intervju og nyhende. I tillegg har nettstaden eit diskusjonsforum, ein handleguide, spelevideoar og oversyn over utgjevingsdatoar til kommande dataspel. Gamer.no er eigd av Teknisk Ukeblad Media.

Gamer.no vart kåra til årets spelemedium av Gullstikka i 2009[1] og 2010[2].
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Gamer.no» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2017.
- ↑ «Vinnerne av Gullstikka 2009». Gullstikka. Arkivert frå originalen 11. mars 2010. Henta 9. mars 2010.
- ↑ «Vinnerne av Gullstikka 2010». Gullstikka. Henta 5. mai 2011.[daud lenkje]