Kanaudji

(Omdirigert frå Braj-kanauji)

Kannauji eller kanauji (devanagari क़न्नौजी), òg kalla braj-kanauji (क़न‍उजी), er ein variant av hindi som blir tala i regionane Farrukhabad og Cawnpore i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Kannaaudji er eit austindisk språk og har om lag 6 millionar talande.

Kanaudji
også skrive kanauji, braj-kanauji
Klassifisering Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   vestleg hindi
    hindi
Bruk
Tala i Hovudsakleg India
Område Uttar Pradesh
Kanaudjitalande i alt 6 millionar (1977)
Skriftsystem Devanagari
Språkkodar
ISO 639-2 bjj
ISO 639-3 bjj

Språket er det austlegaste av dialektkontinuumet vestleg hindi. Kanaudji har ei lingvistisk grense til bradjbhakha, som det mange trekk til felles med. Ein dialekt av språket har mange trekk frå det austlege hindispråket avadhi.

Kannaudjitalarar oppfattar gjerne seg sjølve som hinditalarar, og mange av dei reknar det ikkje som eit eige språk. Det er likevel vanskeleg for talarar av standard hindi å forstå kannaudji.

Fonologi

endre

Kanaudjiendinga /o:/ erstattar ofte bradjbhakhaendinga /au/. Substantiv som ender med konsonanthindustani har ofte endinga /u/ i kanaudji.

Kjelder

endre
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.