Branko Tsrvenkovski
Branko Tsrvenkovski (fødd 12. oktober 1962), er ein makedonsk politikar og var president i Makedonia frå 2004 til 2009. Han har òg vore statsminister i Makedonia i to periodar.
Branko Tsrvenkovski
Бранко Црвенковски | |||
| |||
Fødd | 12. oktober 1962 (62 år) Sarajevo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Nord-Makedonia | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | St. Kyrill og St. Method-universitetet i Skopje | ||
Verv | Statsminister i Makedonia 1992-1998 | ||
Føregangar | Nikola Kljusev | ||
Etterfylgjar | Ljubtsjo Georgievski | ||
Verv | Statsminister i Makedonia 2002-2004 | ||
Føregangar | Ljubtsjo Georgievski | ||
Etterfylgjar | Radmila Sjekjerinska | ||
Verv | President i Makedonia 2004-2009 | ||
Føregangar | Boris Trajkovski | ||
Etterfylgjar | Gjorge Ivanov | ||
Alle verv |
Liv
endreTsrvenkovski var fødd i Sarajevo i dåverande Jugoslavia. Han studerte ingeniørfag ved universitetet i Skopje fram til 1986. I 1990 vart han vald til parlamentet i den makedonske delrepublikken i dei første frie vala i Jugoslavia. I 1991 vart han leiar for Makedonias Sosialdemokratiske Union (Sotsijaldemokratski Sojuz na Makedonija (SDSM)), etterfylgjarpartiet til kommunistpartiet i Makedonia. 5. september 1992 vart han Makedonia sin første statsminister etter lausrivinga frå Jugoslavia. Han sat som statsminister fram til 1998 og igjen frå 2002 til 2004.
14. og 28. april 2004 vart han vald til president med 42,5 % og 60,6 % av røystene i første og andre valomgang. Valoppslutninga var berre 53,8 %, dersom oppslutninga hadde vore lågare enn 50 % ville valet ha blitt annullert. Han vart innsett som president 12. mai 2004 og gjekk då av som statsminister. Som president var rolla hans stort sett seremoniell.
Tsrvenkovski stilte ikkje til attval ved presidentvalet i mars 2009. Han gjekk av som president 12. mai 2009.