Opna hovudmenyen
Република Северна Македонија
Republika e Maqedonisë së Veriut

(norsk: Nord-Makedonia, makedonsk)

Det makedonske flagget Det makedonske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Denes nad Makedonija (I dag over Makedonia)»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Nord-Makedonia
Offisielle språk Makedonsk1
Hovudstad Skopje
Styresett
Republikk
Gjorge Ivanov
Zoran Zaev
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
25 713 km² (147.)
1,9 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
2 103 721 (143.)
2 022 547
81,8 /km² (101.)
Sjølvstende
8. september 1991
Nasjonaldag 2. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
28 890 mill. USD (127.)
14 400 USD (90.)
Valuta Makedonsk denar
Tidssone UTC +1
Telefonkode +389
Toppnivådomene .mk

1Alle språk som snakkast av minst 20% av innbyggjarane i ein kommune er offisielle språk i den kommunen. Dette inkluderer språk som albansk, tyrkisk, serbisk, romanés, osb.

Nord-Makedonia (makedonsk: Северна Македонија, Severna Makedonija; albansk: Maqedonia e Veriut), offisielt Republikken Nord-Makedonia (makedonsk: Република Северна Македонија, Republika Severna Makedonija; albansk: Republika e Maqedonisë së Veriut), er eit land på Balkan søraust i Europa som grensar til Serbia og Kosovo i nord, Hellas i sør, Albania i vest og Bulgaria i aust.

Nord-Makedonia utgjer om lag 35,8 % av heile regionen Makedonia og 40,9 % av innbyggjartalet. Hovudstaden er Skopje med om lag 500 000 innbyggjarar. Av andre mindre byar finn ein Bitola, Kumanovo, Prilep, Tetovo, Ohrid, Veles, Sjtip, Kotsjani, Gostivar og Strumitsa. Landet har meir enn femti naturlege og kunstige innsjøar og seksten fjell høgare enn 2 000 meter over havet.

Landet er medlem av Dei sameinte nasjonane og Europarådet, i tillegg til La Francophonie, Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa. Sidan desember 2005 har landet òg vore ein kandidat for EU og NATO.

NamnEndra

I februar 2019 endra landet namn frå "Republikken Makedonia" (Republika Makedonija) til "Republikken Nord-Makedonia" (Republika Severna Makedonija). Hellas hadde ikkje godtatt at landet hadde namnet "Makedonia" fordi Makedonia i Hellas er eit område nord i Hellas, og Hellas meinte at Makedonia er eit gresk namn. Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av Dei sameinte nasjonane under namnet Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (makedonsk Πоранешна Југословенска Република Македонија, Poranesjna Jugoslovenska Republika Makedonija). I 2019 inngjekk Hellas og Nord-Makedonia eit kompromiss som innebar at Hellas anerkjente landet mot at det tok namnet "Nord-Makedonia".

GeografiEndra

For meir om dette emnet, sjå Nord-Makedonias geografi.
 
Korab, det høgaste fjellet i landet.
 
Fjelltoppen Solunska Glava i Jakupitsa om våren

Nord-Makedonia er omgjeve av land og er geografisk klart definert av ein sentral dal der elva Vardar renn gjennom med fjellkjeder på kvar side av dalen.

Det meste av terrenget i republikken er kupert. I vest ligg fjellkjeda Šar Planinia, medan Osogovo ligg i aust. Dei tre store innsjøane Ohridsjøen, Prespasjøen og Dojransjøen ligg heilt sør i landet og grensa til Albania og Hellas går gjennom desse. Ohridsjøen vert rekna som ein av dei eldste innsjøane og biotopane i verda[1]. Regionen er seismisk aktiv og har hatt særs kraftige jordskjelv gjennom tidene. Det siste store jordskjelvet i landet råka Skopje i 1963 og tok livet av over tusen innbyggjarar.

Interaktivt kart over Nord-Makedonia

KlimaEndra

Nord-Makedonia har eit klima som er ganske likt Sentral-Europa med kalde vintrar og varme somrar. Sommaren er den våtaste tida på året, men har meir sol og er tørrare enn t.d. Albania i vest. Vinteren er òg tørrare, kaldare og meir skya enn Albania. Mykje av landet er fjellområde og høgareliggande område, som kan få ein god del snø. Skopje har ein nedbørsnormal på 508 mm i året.

KjelderEndra