Brannvern

Brannvern er verksemd som dels skal hindra at det oppstår brann, og om dette ikkje lukkast, skal søkja å sløkkja brannen og avgrensa skade på liv og eigedom. Offentleg organisert brannvern vert kalla brannstell, og har som oppgåve å berge menneske, dyr og eigedom frå brann og andre typar ulukker, flaum og anna.

Brannbil på Place d'Italie i Paris.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap i Tønsberg har det overordna ansvaret for branntryggleik i Noreg. Kommunane har ansvar for sløkkingsberedskap, som brannstell, førebyggjande arbeid retta mot eigarar og brukarar av bygningar og andre brannobjekt. Eigarar og brukarar har det endelege ansvaret for brannvernet.

Brannstell og brannvern er regulert ved lov og føresegner.

Sjå ògEndra