Brannstell

organisasjonseining for å bekjempe brann

Brannstell har som oppgåve å berge menneske, dyr og eigedom frå brann og andre typar ulukker, oversvømmingar og anna. Brannstellet er organisert som ein fast mannskapsstyrke med vakt døgeret rundt, eventuelt med mannskap som skal tilkallast, og skal ha til disposisjon særlege utstyrte køyretøy og anna reiskap som er naudsynt for å sløkke brannar i bygningar, transportmiddel eller andre konstruksjonar, få ut personar frå brennande bygningar, frå kollisjonsskadde bilar, tog, fly og anna. Utstyr og mannskap er samla på brannstasjonar.

Brannstellet i arbeid under ein brann i Quebec i Canada.
Brannstellet på plass ved ei bilulukke i Tyskland.
Røykdykkarar frå Bamble brannvesen.

Brannstellet skal dessutan stå for kontrollar og opplysningsarbeid som skal hindre at brann kan oppstå.

I Noreg er brannstellet i hovudsak eit kommunalt ansvar, ofte organisert som eit samarbeid mellom grannekommunar. Men somme verksemder med særleg ulukkerisiko, som til dømes flyplassar, skal i tillegg ha sitt eige lokale og spesialtrente brannvern med eige utstyr eigna til å berge folk frå dei ulukkene som kan skje i vedkomande verksemd.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Brannstell