Bravo (av italiensk bravo, 'kjekk', opphavleg kanskje 'vill, ustyrleg') er eit tilrop som vert bruka for å rose gode prestasjonar. På italiensk kan ein også bruke superlativet bravissimo som tyder særs bra.

Ordet bra har opphav i det franske brave ('tapper, heiderleg') som igjen er lånt frå det italienske ordet bravo. Same rota har òg det forelda bokmåls-adjektivet brav, som tyder modig eller rettskaffen.

Bravo symboliserer bokstaven B i det fonetiske alfabetet til NATO.

Sjå òg endre

Kjelder endre