Opna hovudmenyen

Alf Torp (27. september 185326. september 1916) var ein norsk filolog fødd i Stryn.

Alf Torp
AlfTorp.jpg
Fødd27. september 1853
Stryn
Død26. september 1916
Kristiania
NasjonalitetNoreg
Yrkeleksikograf, språkforskar, filolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Leipzig

Han vart student i 1871, cand.philol. 1877, professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap i 1894. Han var elev av Sophus Bugge og under eit opphald i Leipzig 1878–80 av G. Curtius og Windisch. I 1881 fekk han doktorgraden ved universitetet i Leipzig med avhandlinga «Die Flexion des Pali in ihrem Verhältnis zum Sanskrit».

Tidleg på 1890-talet tok Torp under påverknad av Bugge fatt på løysinga av dei mange vanskelege problema som knytte seg til tolkinga av dei bevarte restane av visse italiske og vesleasiatiske språk: messapisk, venetisk, frygisk og lykisk.

Saman med Hjalmar Falk gav han ut Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog (1901–06).

Torp var formann i rettskrivingskomiteen av 1913, som førebudde 1917-rettskrivinga. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1886 og var òg medlem av vitskapsakademi i Danmark, Sverige og Italia. I 1906 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Torp døydde i Kristiania.

BibliografiEndra

  • 1881 – Die Flexion des Pali in ihrem Verhältnis zum Sanskrit (Christiania: Brøgger) I fulltekst ved nb.no
  • 1889 - Vokal- og Konsonantstammer
  • 1890 – Den græske Nominalflexion sammenlignende fremstillet i sine Hovedtræk (Christiania: Alb. Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
  • 1894 - Zu den phrygischen Inschriften aus römischer Zeit
  • 1897 - Zum Phrygischen
  • 1897 - Indogermanische Forschungen
  • 1898 – Dansk-norskens Lydhistorie : med særligt Hensyn paa Orddannelse og Bøining (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Hjalmar Falk, Alf Torp]
  • 1900 – Dansk-norskens syntax i historisk fremstilling (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Hjalmar Falk, Alf Torp]
  • 1902 - Etruskische Monatsdaten
  • 1903 – Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog. B. 1 : A-M (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Hjalmar Falk, Alf Torp]
  • 1903 – Gamalnorsk : maallæra, lesestykke, ordlista : til bruk for ungdomsskulen (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Marius Hægstad, Alf Torp]
  • 1905 - Bemerkungen zu der etruskischen Inschrift von S. Maria di Capua
  • 1906 – Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog. B. 2 : N-Ø (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Hjalmar Falk, Alf Torp]
  • 1909 – Gamalnorsk ordbok : med nynorsk tyding (Kristiania: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Marius Hægstad, Alf Torp]
  • 1909 – Wortschatz der germanischen Spracheinheit (Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Alf Torp, Hjalmar Falk]
  • 1913 – Festskrift til professor Alf Torp paa hans 60 aars fødselsdag : 27. september 1913 (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Olaf Broch, Alf Torp]
  • 1919 – Nynorsk etymologisk ordbok (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no

LitteraturEndra

Eksterne lenkerEndra

KjelderEndra