Breaking My Heart av Reiley

song frå 2023 med Reiley
«Breaking My Heart»
Song av Reiley

Land Danmark, Færøyane
Språk Engelsk
Utgjeve 19. januar 2023
Sjanger Elektropop
Lengd 02:43
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Bård Mathias Bonsaksen, Hilda Stenmalm, Rani Petersen, Sivert Hjeltnes Hagtvet

«Breaking My Heart» (norsk omsetjing ‘knuser hjartet mitt’) er ein dansk poplåt frå 2023 med den færøyske songaren Reiley. Låten vann Dansk Melodi Grand Prix 2023 og var det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen endre

«Breaking My Heart» er skriven av den færøyske artisten Rani Petersen, kjend som Reiley. Han skreiv songen saman med dei norske låtskrivarane Bård Mathias Bonsaksen og Sivert Hjeltnes Hagtvet, og den svenske artisten Hilda Stenmalm.

«Breaking My Heart» blei vald ut til å delta i den danske songtevlinga Dansk Melodi Grand Prix 2023. I forkant av finalen blei det kjend at Reiley hadde framført låten under ein konsert i Seoul i Sør-Korea i oktober 2022.[1] Dette var i strid med dei danske tevlingsreglane, men danske DR avgjorde at låten likevel skulle få delta. Grunngjevinga var at framsyninga ikkje hadde gjeve Reiley noko spesielt tevlingsfortrinn.[2][3]

Finalen av Dansk Melodi Grand Prix blei arrangert laurdag 11. februar, og «Breaking My Heart» avanserte til superfinalen. Der vann songen tevlinga med totalt 43 prosent av røystene.[4]

Som vinnar av Dansk Melodi Grand Prix blei «Breaking My Heart» det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Der deltok han i den andre semifinalen torsdag 11. mai, og var det fyrste bidraget på scena. Låten enda som nummer 14 av 16 med 6 poeng, og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[5] Dette var tredje år på rad at Danmark ikkje kvalifiserte seg til finalen.[6]

Listeplasseringar endre

Liste (2023) Høgaste
plassering
  Danmark (Tracklisten)[7] 31

Kjelder endre

  1. Christensen, Af Pernille (22. januar 2023). «BryderDR-regler: Kan ryge ud». ekstrabladet.dk (på dansk). Henta 19. februar 2023. 
  2. Kristiansen, Anita (18. februar 2023). «Krisemøter etter regelbrudd». Se og Hør (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2023. 
  3. hør, Se og (11. februar 2023). «Erdet i orden? Melodi Grand Prix-deltager bryder reglerne, men bliver ikke diskvalificeret». BILLED-BLADET (på dansk). Henta 19. februar 2023. 
  4. «Reileywins Denmark's 'Melodi Grand Prix' with 'Breaking My Heart'». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 19. februar 2023. 
  5. «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  6. «DanskGrand Prix-chef efter nordisk Eurovision-triumf: 'Selvfølgelig kigger vi på, hvad de andre lande gør'». DR (på dansk). 14. mai 2023. Henta 18. mai 2023. 
  7. «TrackTop-40 Uge 7, 2023». Hitlisten (på dansk). Henta 22. februar 2023.