Seoul er hovudstaden i Sør-Korea. Byen dannar saman med omlandet sitt det nest største byområdet i Asia med ca. 21,9 millionar innbyggjarar.

Seoul
by
Land  Sør-Korea
Areal 605,25 km²
Folketal 9 668 465 (2020)[1]
Kart
Seoul
37°34′N 126°59′E / 37.56°N 126.99°E / 37.56; 126.99
Wikimedia Commons: Seoul

Byen var vertsby for Sommar-OL 1988. Fleire kampar under VM i fotball 2002, som Sør-Korea arrangerte saman med Japan, gjekk føre seg i byen.

År 2007 er byrjinga på slutten for Seoul som hovudstad, da tar byen Yongi gradvis over den rolla. Det er enno uklart når flyttinga kjem til å vera ferdig, men i 2030 reknar ein med at alt er ferdig.

Historie endre

I år 18 fvt. vart byen Wiryeseong grunnlagt i det området der Seoul no ligg. Det var eit av dei tre kongedøma som på den tida striddest om kontroll over Koreahalvøya som grunnla byen. I dette område utspelte det seg ofte stridar mellom kongedøma, ettersom det var eit så strategisk viktig område.

I moderne tid var Seoul tidlegare hovudstad for hela Koreahalvøya, men etter Koreakrigen har han berre vore hovudstad for Sør-Korea. Byen fekk det noverande namnet sitt etter frigjeringa frå japansk styre i 1945.

Flyplassar endre

Det finst to flyplassar nær byen. Gimpo internasjonale lufthamn i byen Gimpo vart bygd under Koreakrigen og var lenge den einaste flyplassen i nærleiken. I år 2001 vart Incheon internasjonale lufthamn i byen Incheon ferdig og tok over stort sett all internasjonal flytrafikk, medan Gimpo internasjonale lufthamn no stort sett handterer innanrikstrafikken.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Seoul
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «행정구역(읍면동)별/5세별 주민등록인구(2011년~)».