Bredtvet kompetansesenter

(Omdirigert frå Bredtvet kompetansenseter)

59°56′44.992″N 10°51′29.912″E / 59.94583111°N 10.85830889°E / 59.94583111; 10.85830889

Bredtvet kompetansesenter
Foto: C. Hill, 2007

Bredtvet kompetansesenter er eit landsdekkande spesialpedagogisk senter som ligg på Bredtvet i Oslo. Senteret er ein del av Statped og arbeider med barn og vaksne med store spesifikke språk- og talevanskar.

Fagmiljøet ved senteret er tverrfagleg samansett med kompetanse innan ulike felt som dysleksi, taleflytvanskar (stamming og løpsk tale), afasi, stemmevanskar, leppe-kjeve-ganespalte (LKG), strupe- og munnholeopererte, dysartri (talevanskar av nevrologisk opphav) og spesifikke språkvanskar hjå barn.

Senteret ligg like ved Torshov kompetansesenter. Det held til i den tidlegare Spesialskole for talehemmede, utforma av arkitekt P.A.M. Melbye og bygd i 1964-66.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre