Dysleksi
Dysleksi (frå gresk δυσ- dyast, uparet og λέξις lexis, ord, direkte omsett «vanskar med ord»), lese-skrivevanskar eller ordblindheit er ei form for lese- og skrivevanskar som er knytte til ein svikt i det fonologiske systemet. Tilstanden inneber ei svekkelse i hjernen si evne til å omforme skrift oppfatta av auga til meiningsfylt språk, og motsett, omforme munnleg språk til skrift.[1] Ein person med dysleksi blir kalla dyslektisk eller dyslektikar.
Verdsorganisasjonen for helse definerer ifølgje diagnoselista ICD-10 dysleksi som ein tilstand som inneber vanskar med å læra å lesa til trass for vanleg opplæring, normal intelligens og gode sosioøkonomiske tilhøve. Tilstanden er knytt til konstitusjonelle, kognitive hemninger.
Dysleksi er ei av dei vanlegaste funksjonshemmingane ein finn i den vestlege verda. I Noreg kan ein rekna med at fleire hundre tusen menneske er råka i større eller mindre grad. Det finst alvorlege dyslektiske forstyrringar hjå 2–5 % av folkesetnaden.[2] Dette tyder at det er dyslektiske elevar i nesten alle skuleklassar. Sidan definisjonen av dysleksi er noko flytande, får ein ulike vurderingar av talet på dyslektikarar i ulike undersøkingar.
Historikk
endreOftalmologisk oppdaging
endreOmgrepet dysleksi blei laga i 1887 av Rudolf Berlin, ein oftalmolog i Stuttgart i Tyskland.[3] Han brukte uttrykket for ein ung gut som hadde alvorlege lese- og skrivevanskar på trass av normale intellektuelle og fysiske evner.
I 1896 gav W. Pringle Morgan, ein engelsk lege frå Seaford i East Sussex i England, ut ei skildring av ei lesespesifikk læringsforstyrring i ein rapport til British Medical Journal med tittelen «Congenital Word Blindness». Rapporten skildrar Percy, ein gut som i 14-årsalderen ikkje hadde lært å lesa, men som likevel viste normal intelligens og hadde normal dugleik i andre aktivitetar som var typisk for barn i den alderen.[4]
På 1890-talet og tidleg på 1900-talet gav James Hinshelwood, ein skotsk oftalmolog, ut ein serie artiklar i medisinske tidsskrift som skildra tilsvarande tilfelle av medfødd ordblindheit, som han definerte som «ein medfødd skade funnen hjå barn med elles normale og friske hjernar karakterisert ved vanskar for å læra å lesa». I ei bok frå 1917, Congenital Word Blindness (medfødd ordblindhet), slo Hinshelwood fast at den primære skaden var i visuell hukommelse for ord og bokstavar, og skildra fleire symptom, mellom dei bokstavstokking og vanskar med staving og leseforståing.[5]
Nevrologiske funn
endreEin sentral, tidleg forskar på dysleksi var Samuel T. Orton, ein nevrolog som hovudsakleg arbeidde med slagramma. I 1925 møtte Orton ein gut som ikkje kunne lesa, og som viste symptom liknande dei til slagramma som hadde mista evna til å lesa. Orton byrja å studera lesevanskar og fastslo at dysleksi var eit syndrom utan tilkopling til hjerneskade som gjorde det vanskeleg å læra å lesa. Orton kalla tilstanden strefosymboli (som tyder «forvridne teikn») for å skildra teorien sin om at individ med dysleksi hadde vanskar med å forbinda den visuelle forma av ord med den talte versjonen.[6] Orton observerte at den manglande evna til lesa med dysleksi ikkje såg ut til å koma direkte frå manglande synsevne.[7] Han meinte at tilstanden var forårsaka av ein mangel på å etablera sideskilnad i hjernen som gjev høgrehendtheit ved at venstre hjernehalvdel som styrer høgre arm og bein blir utvikla for dette, medan høgre hjernehalvdel blir betre utvikla for tale og ordbehandling.[8] Han såg òg at uvanleg mange av borna han jobba med var venstre- eller tvihendte, men dette funnet har vore vanskeleg å attskapa.[9] Orton sin hypotese om spesialiseringa til hjernehalvdelane var basert på undersøkingar av hjernepreparat på 1980- og 1990-talet som fastslo at eit område i venstre temporallapp som har eit hjerneområde knytt til seg tilarbeiding av språk, er fysisk større enn same område på høgre side i hjernane til ikkje-dyslektiske forsøkspersonar, medan dei same områda hos dyslektiske forsøkspersonar er like store, eventuelt at den høgre er noko større.[10]
Studiar basert på fMRI-undersøkingar av barn og unge vaksne som blei offentleggjort i 2003 stør opp under resultatet i dei tidlegare studia, og viste at auke i alder og leseferdigheter følgjer undertrykking av aktivitet i høgre hjernehalvdel.[11][12]
Under påverknad av det kinestetiske arbeidet til Helen Keller og Grace Fernald og på jakt etter ein måte å læra lesing ved bruk av både høgre og venstre hjernefunksjonar starta Orton eit samarbeid med psykologen og læraren Anna Gillingham for å utvikla eit utdanningsmessig inngrep som var faneberar for samtidig bruk av fleire sansar for læring, Orton-Gillingham-metoden.[13] Denne er enno mykje brukt for å forbetra leseinstruksjoner og er grunnlaget til mange dysleksihandsamingsprogram.[14]
På 1970-talet kom det fram ein ny hypotese, delvis basert på Orton sine teoriar, om at dysleksi stammar frå ein feil i fonologisk prosessering eller vanskar med å kjenna att at munnlege ord består av diskrete fonem (til dømes består ordet ape av lydane [a], [p] og [e]). Personar med dysleksi skal difor ha vanskar med å forbinda desse lydane med bokstavar. Nøkkelstudium av fonologisk forstyrrings-hypotesen inkluderer funnet at den tydelegaste måten å føresjå leseevne på barn i skulealder er fonetisk bevisstgjering, og at fonetisk bevisstgjering kan forbetra avkodingsevna hjå barn med lesevanskar.[15][16]
Bruk av bildeteknikkar som CT og MR for å studera strukturen og funksjonen til hjernen framheva forskinga på 1980- og 1990-talet. Noverande modellar av tilhøvet mellom hjernen og dysleksi fokuserer hovudsakleg på ei form for mangelfull eller forseinka hjerneutvikling.
Genetiske funn
endreI nyare tid har genetisk forsking gjeve aukande samla bevis som støttar trua på eit genetisk opphav til dysleksi.[17]
Forskarar i dag leitar etter ei lenkje mellom nevrologiske og genetiske funn og leseforstyrringa. Det er mange tidlegare og noverande teoriar om dysleksi, og den som har mest støtte frå forsking er at anten det har biologisk årsak eller ikkje, inneber dysleksi redusert fonologisk merksemd, evna til å analysera og forbinda einingane av verbalt og skrive språk.[18]
IKT-hjelpemiddel
endreI dag finst det fleire IKT-hjelpemiddel for personar med lese- og skrivevanskar. I Noreg finst det fleire kompetansesenter som kan gje råd uavhengig av produsentar på hjelpemidla som finst. Hjelpemiddelsentralar kan også bistå, og i nokre tilfelle også spesialpedagoger ved skular. Det er òg mogleg å kontakta Dysleksiforbundet i distriktet, då dei sit med spisskompetanse. Nokon av dei tilgjengelege IKT-hjelpemidla er:
- OrCam My Reader frå SynSupport Nordic Eye
- CD-ORD frå MikroVerkstedet
- e-Lector er eit leseverktøy som blir distribuert av Mikrodaisy. Lingdys er eit program frå Lingit som gjev talemålsstilpassa skrivestøtte på bokmål og nynorsk.
- Lingdys Tysk er eit program som gjev lese- og skrivestøtte på tysk.
- Lingright er eit program frå same produsent som Lingdys, og som gjev tilpassa skrivestøtte på engelsk for nordmenn.
- Lingspeak 3 er ein opplesar og ein skjermlesar.
- Skrivestøtte frå Normedia er eit program som har opplesing, stavekontroll, ordprediksjon og skjermlesar.
- Textpilot frå Include AS gjev høve for stavekontroll, ordprediksjon, digitale ordbøker og opplesing i alle program der ein les og skriv.
- Voxit Budgie Pro frå Activium er eit lesehjelpemiddel (tekst til talt program) som les opp tekst ved bruk av syntetiske og digitale stemmar.
- Talegjenkjenning eller «tale til tekst»-system finst som programvare i Windows, Apple Mac OS og ulike smarttelefonar.
- Open Dyslexic er ein gratis skrifttype som er utforma for å redusera nokre av dei vanlege lesingsfeila som kjem av dysleksi.
Sjå òg
endre- Dyskalkuli, «talblindheit»
Kjelder
endre- ↑ «Dysleksi». Pasienthåndboka.no. Arkivert frå originalen 19. desember 2010. Henta 12. august 2007.
- ↑ «Statistikk - Dysleksi Norge» (på norsk).
- ↑ «Uber Dyslexie». Archiv fur Psychiatrie (på tysk) 15: 276-278.
- ↑ Snowling, Margaret J. (2. november 1996). «Dyslexia: a hundred years on». BMJ 313 (7065): 1096. Henta 8. juni 2007.
- ↑ Hinshelwood, J. (1917). Congenital Word-blindness. HK Lewis \& Co., ltd.
- ↑ Orton, ST (1925). «'Word-blindness' in school children.». Archives of Neurology and Psychiatry 14: 285–516.
- ↑ Henry, MK (1998). «Structured, sequential, multisensory teaching: The Perlow legacy». Annals of Dyslexia.
- ↑ Orton, S.T. (1928). «Specific reading disability—strephosymbolia». Journal of the American Medical Association 90 (14): 1095–1099.
- ↑ Geschwind, N (1982). «Biological associations of left-handedness». Annals of Dyslexia 33: 29–40.
- ↑ Galaburda, A.M. (16. august 1994). «Evidence for Aberrant Auditory Anatomy in Developmental Dyslexia». Proceedings of the National Academy of Sciences 91 (17): 8010–8013. doi:10.1073/pnas.91.17.8013. Henta 17. juni 2007.
- ↑ «Was Orton Right? New Study Examines How The Brain Works In Reading; Offers Key To Better Understanding Dyslexia». Science Daily. Henta 17. juni 2007.
- ↑ Turkeltaub, P.E.; Gareau, L.; Flowers, D.L.; Zeffiro, T.A.; Eden, G.F. (2003). «Development of neural mechanisms for reading» (PDF). Nature Neuroscience 6 (7): 767–773. Arkivert frå originalen (PDF) 22. september 2004. Henta 17. juni 2007.
- ↑ Orton, Samuel (1966). «Word Blindness in School Children». Archives or Neurology and Psychiatry 14:285-516.
- ↑ Goeke, Jennifer (2006). «Orton-Gillingham and Orton-Gillingham-based reading instruction: a review of the literature». Journal of Special Education.
- ↑ Bradley, L (1983). «Categorizing sounds and learning to read: A Causal connection.». Nature 30 (2): 419–421.
- ↑ Alexander, A (1991). «Phonological awareness training and the remediation of analytic decoding deficits in a group of severe dyslexics». Annals of Dyslexia 41: 193–206.
- ↑ Collins, David; Rourke, Byron (oktober 2003). «Learning-disabled Brains: A Review of the Literature» (PDF). Journal of Clinical and Experimental Neuropsychology 25 (7): 1011–1034. Henta 11. juli 2007.[daud lenkje]
- ↑ Lyytinen, Heikki; Erskine, Jane; Aro, Mikko; Richardson, Ulla (2007), «Reading and reading disorders», i Hoff, Erika, Blackwell Handbook of Language Development, Blackwell, s. 454–474, ISBN 9781405132534
- Denne artikkelen bygger på «Dysleksi» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2021.