Breheimen nasjonalpark

nasjonalpark i Innlandet og Vestland fylker, Noreg

61°31′25.237″N 7°37′30.713″E / 61.52367694°N 7.62519806°E / 61.52367694; 7.62519806

Breheimen nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Innlandet, Vestland
Kommunar Skjåk, Lom, Luster
Høgaste punkt Hestbrepiggan
 - høgd 2 139 moh.
Areal 1 697 km²
Oppretta 7. august 2009
Kart
Breheimen nasjonalpark
61°48′00″N 7°50′00″E / 61.8°N 7.8333333333333°E / 61.8; 7.8333333333333
Wikimedia Commons: Breheimen National Park

Breheimen nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg i eit fjell- og breområde i Innlandet fylke og Vestland fylke; i området kjent som Breheimen. Parken vart oppretta 7. august 2009, for å «ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep.» [1] og han dekkjer eit område på 1671 km².

Nasjonalparken ligg i kommunane Skjåk, Lom og Luster; og han grensar opp til fem landskapsvernområde og eitt naturreservat som vart oppretta samtidig, slik at det samla verneområdet utgjer 1794 km²: Strynefjellet landskapsvernområde, Mysubytta landskapsvernområde, Høydalen landskapsvernområde, Mørkridsdalen landskapsvernområde og Vigdalen landskapsvernområde, og Høyrokampen naturreservat. I og med desse områda inngår den nye nasjonalparken i eit samanhengande verneområde som òg omfattar Jostedalsbreen nasjonalpark.

Geografi, landskap, geologi endre

Landskapet er prega av brear, fossar, frodige dalar, høgfjellsområde og kulturlandskap prega av seterbruk.

Flora og fauna endre

Søre del av Ottadalen villreinområde inngår i nasjonalparken.

Kulturminne endre

Området inneheld spor etter 6000 års bruk: fangstanlegg, jaktbuer, setrer og vegar.

Forvalting og bruk av området endre

28 % av arealet i nasjonalparken er statsallmenning, medan 54 % tilhøyrer Skjåk bygdeallmenning.

Referansar endre