Breivannet, òg skrive Breidvatnet, er eit vatn i Ringerike kommune. Vatnet ligg i Brekkebygda, vest for Langvannet, nordvest for Sokna i Soknedalen, berre skild av den vesle Breivasselva gjennom eit kort elvestrekke.

Utsyn mot Breivannet frå Rallerud
Breivassdammen (krysset Rallerud, Brekkebygda og Sokna)
Breivasselva ved utløpet

Breivannet er eit av dei største vatna i Rudsvassdraget. Langs sørsida av vatnet går Bergensbanen. Eit lite stykke nordvest for vatnet går jernbanen gjennom Haverstingtunnelen (2 300 meter) og kjem ut ved Ørgenvika i Krødsherad, langs Krøderen.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.