Bremsnes kommune

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Bremsnes er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke. Kommunen vart oppretta i 1897 då Kvernes kommune vart delt i fire (Eide, Kornstad, Kvernes og Bremsnes). Bremsnes hadde då 2 917 innbyggjarar og omfatta dei sentrale og nørdre delane av Averøya, den nordvestre delen av øya Frei og størstedelen av Nordlandet.

Bremsnes vart i 1964 delt i tre i samband med kommunesamanslåingar og opphøyrde som eigen kommune. Områda på Averøya og småøyane utanfor vart del av nye Averøy kommune, Nordlandet vart lagt til Kristiansund kommune og områda nordvest på øya Frei til Frei kommune. Bremsnes hadde 5 071 innbyggjarar ved denne inndelinga.

Bremsnes utgjer også eit sokn i Averøy kommune, som svarer til den delen av den tidlegare Bremsnes kommune som vart lagt til Averøy, om har omkring 3 850 innbyggjarar i 2015. Bremsnes kyrkje er ei krosskyrkje i tre frå 1771.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Bremsnes kommune frå 1897 til 1964:

1.1.1897[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
2917 3830 4426 4454 5210 5266 5204 5071

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Bremsnes/Averøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre