Brentkrateret er eit fossilt meteorittkrater i Ontario i Canada. Krateret ligg nord for Cedar Lake i Algonquin provinspark. Det har ein diameter på 3,8 km og alderen er estimert til 396 ± 20 millionar år (midtre devontida).[1] Krateret vart oppdaga på flyfoto i 1951.

Det står eit observasjonstårn på kanten av krateret.

KjelderEndra

  1. Brent. Earth Impact Database. University of New Brunswick.

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 46°4′30″N 78°29′0″W