Opna hovudmenyen

Brian Pendleton (13. april 194416. mai 2001) var ein britisk gitarist. Han var med å skipe gruppa The Pretty Things tidleg på 1960-talet.[1]

Brian Pendleton
PrettyThings1965.jpg
Pretty Things i 1965 i Nederland frå venstre til høgre: Brian Pendleton, John Stax, Dick Taylor, Phil May, Viv Prince =
Fødd13. april 1944(1944-04-13)
FødestadDurham i England
Død25. mai 2001 (57 år)
DødsstadMaidstone i Kent
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–1966
SjangerPop, rock, rhythm and blues
InstrumentRytmegitar
Verka somgitarist

Som rytmegitarist i The Pretty Things var Pendleton med på dei to første albuma, The Pretty Things og Get The Picture?, i tida då bandet hadde størst kommersiell suksess med hittar som «Rosalyn» og «Don't Bring Me Down» (1964) og «Honey I Need» (1965). I desember 1966 var Pendelton lei av turnélivet og slutta i bandet. Han forlet samstundes heile musikkindustrien.

Pendleton døydde av lungekreft i heimen sin.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Clayson, Alan (27. juni 2001). «Obituary - Brian Pendleton». The Guardian. Henta 9. september 2019. 

BakgrunnsstoffEndra