Opna hovudmenyen

John Stax (fødd 6. april 1944) er ein engelsk musikar, mest kjend som den første bassisten i The Pretty Things. Han tok namnet «Stax» fordi han likte musikken frå Stax Records.[1]

John Stax
PrettyThings1965.jpg
Pretty Things i 1965 i Nederland frå venstre til høgre: Brian Pendleton, John Stax, Dick Taylor, Phil May, Viv Prince
Fødd6. april 1944 (75 år)
FødestadCrayford
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1964
InstrumentBass
Verka sommusikar

Han spelte på alle hitsinglane deira midt på 60-talet, inkludert "Rosalyn", "Don't Bring Me Down", "Road Runner" og "Cry to Me".[2] Han song ofte korvokal og bidrog òg med munnspel. Han spelte på dei tre første albuma til The Pretty Things, The Pretty Things[3], Get The Picture?[4] og Emotions, sjølv om det er ukjen kva han bidrog med på siste albumet. Stax slutta i bandet i januar 1967, berre ein månad etter rytmegitaristen Brian Pendleton gav seg. Stax flytta til Australia der han framleis bur og byggjer og sel sigarboksgitarar. Han vart med The Pretty Things på turneen deira i Australia i 2012.

KjelderEndra

  1. Pretty Things, the Pretty Things Get the Picture? CD , liner notes by Pierre Perrone, Madfish, Snapper Music, 2011, liner notes
  2. Brown, Tony, Jon Kutner & Neil Warwick, The Complete Book of the British Charts: Singles and Albums, Omnibus Press, London, 2002 p. 795
  3. The Pretty Things, Fontana, TL 5239 1965, liner notes
  4. The Pretty Things, Get the Picture?, Fontana TL 5280, 1965, liner notes