Rosalyn
Rosalyn Singel av The Pretty Things frå albumet The Pretty Things | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1964 | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:21 | |
Selskap | Fontana | |
Komponist | Jimmy Duncan, Bill Farley | |
Tekstforfattar | Jimmy Duncan, Bill Farley | |
Låtskrivar(ar) | Jimmy Duncan, Bill Farley | |
The Pretty Things-kronologi | ||
Rosalyn | «Don't Bring Me Down» (1964)
|
«Rosalyn» er ein song av det britiske rhythm and blues-bandet The Pretty Things. Han vart gjeven ut som den første singelen deira i 1964 og nådde 41. plassen i Storbritannia.
Historie
endre«Rosalyn» vart skriven av låtskrivaren Jimmy Duncan, som òg var ein av managerane til The Pretty Things, i lag med Bill Farley, som eigde studioet der bandet spelte inn songen.[1] Songen vart spelt inn som debutsingelen deira på Fontana Records, og vart den første hitten deira. Han nådde 41. plassen på den britiske singellista i januar 1964.[2] Songen vart spelt inn i Bo Diddley-stil.
Medverkande
endre- Phil May - vokal
- Dick Taylor - sologitar
- Brian Pendleton - slide- og rytmegitar, vokal
- John Stax - bass, vokal
- Viv Prince - trommer
Andre versjonar
endreDavid Bowie spelte inn «Rosalyn» og gav han ut på albumet sitt Pin Ups.[3] Han vart gjeven ut på singel av RCA i New Zealand i november 1973, i staden for «Sorrow», som kom ut i resten av verda.[4] B-side var ein versjon av Kinks-songen «Where Have All the Good Times Gone».
I 1972 spelte den britiske rockegruppa Stack Waddy inn songen på albumet deira Bugger Off!.
Salslister
endreListe | Plassering |
---|---|
UK Singles (Official Charts Company)[5] | 41 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rosalyn» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Unterberger, Richie. Urban Spacemen and Wayfaring Strangers: Overlooked Innovators and Eccentric Visionaries of '60s Rock. San Francisco, CA: Miller Freeman, 2000. 13-18.
- ↑ Brown, Tony, Jon Kutner & Neil Warwick, The Complete Book of the British Charts: Singles and Albums, Omnibus Press, London, 2002 p. 795
- ↑ Strong, Martin C. The Great Rock Discography, 7th Edition. Edinburgh: Canongate, 2004. 180.
- ↑ «David Bowie 7 Inch Singles Discography Home Page». www.bowie-singles.com. Henta 9. september 2019.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 9. september 2019.