Brian Shenton (15. mars 19279. mai 1987) var ein britisk sprintar frå Doncaster. Han vart i 1950 europameister på 200 meter.

Brian Shenton


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. mars 1927
Doncaster
Død

9. mai 1987 (60 år)
Yeovil

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Shenton sette personleg rekord med 21,5 sekund då han nokså overraskande slo favoritten Étienne Bally og sprang inn til siger på 200-meteren i EM i friidrett 1950 i Brussel. I den neste europameisterskapen, i Bern i 1954, vart han fjerdemann på 200 m på 21,3, før han som ankermann for Storbritannia sikra EM-sølv i 4 x 100 m stafett. Shenton deltok i dei olympiske sommarleikane 1952 og 1956, utan å nå finalen i dei individuelle løpa, ei heller vinne medalje i stafettane.

Han omkom i ei bilulukke.

Kjelder

endre