Étienne Marcel Bally (17. april 192310. januar 2018 var ein fransk friidrettsutøvar, fødd og død Vénissieux. Han vart i 1950 europameister på 100 meter.

Étienne Bally


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 17. april 1923
Vénissieux
Død

10. januar 2018 (94 år)
Saint-Fons

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Aktiv endre

Bally vart fjerdemann på 100 meter då EM i friidrett 1946 vart avvikla i Oslo. I 1947 sette han personlege rekordar på 100 m med tida 10,5 sekund og på 200 m med 21,6 sekund. Året etter braut han forsøksløpet på 100 meter då Sommar-OL 1948 gjekk av stabelen i London.

Ved europameisterskapen 1950 i Brussel vann Bally gullmedaljen på 100 meter på 10,7. På 200 meter fekk han sølv på 21,8, Brian Shenton frå Storbritannia tok gullet. Saman med Jacquet Perlot, Yves Camus og Jean-Pierre Guillon vann Bally sølv i 4 x 100 meter stafett, einast Sovjetunionen sitt mannskap sprang fortare.

Under dei olympiske sommarleikane 1952 rauk Bally ut or 100-meteren i kvartfinalane, noko som gjentok seg på 200 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1946 i Oslo: Nr 4 på 100 m – 10,8
  • OL 1948 i London: Braut forsøksløpet på 100 m
  • EM 1950 i Brussel: Gull på 100 m – 10,7. Sølv på 200 m – 21,8 og sølv i 4 x 100 m stafett (41,8)
  • OL 1952 i Helsinki: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,98=nr 13) og på 200 m (22,02=nr 16). Nr 5 i 4 x 100 m stafett (40,9)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre