Brice Oligui Nguema
Brice Clotaire Oligui Nguema (fødd 1975) er ein gabonsk offiser som frå 30. august 2023 har vore president i Gabon og leiar for «Komiteen for endring av samfunnsinstitusjonar» (Comité pour la transition et la restauration des institutions, CTRI).[1][2] Han er betrakta som ein av de leiande militære kuppmakarane som 30. august 2023 gjennomførte militærkupp i Gabon og avsette president Ali Bongo Ondimba.
Brice Oligui Nguema | |||
| |||
Fødd | 3. mars 1975 (49 år) Haut-Ogooué, Ngouoni | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Gabon | ||
Yrke | militær, politikar | ||
Utdanna ved | Meknes Royal Military Academy Université Omar-Bongo | ||
Medlem | Committee for the Transition and Restoration of Institutions | ||
Alle verv |
Biografi
endreOligui studerte ved Meknes Royal Military Academy i Marokko.[3] Han var personleg sekretær for den tidlegare presidenten Omar Bongo fram til Bongo døydde i 2009. Deretter tenestegjorde han som militærattaché ved dei gabonske ambassadane i Marokko og Senegal.[4]
I oktober 2018 blei Oligui kalla heim for å overta som leiar for etterretningstenesta til presidentgarden etter Frédéric Bongo, halvbroren til Ali Bongo.[5] Han blei også, i april 2019, forfremja til brigadegeneral. I april 2020 tok han over som sjef for presidentgarden, der han avløyste general Grégoire Kouna, fetteren til den tidlegare presidenten Ali Bongo.[6] I 2021 sette han i gang igjen den såkalla «Operasjon Mamba», ein kampanje for å arrestere korrupte tenestemenn.[7]
Statskuppet i 2023
endreStatskuppet 30. august 2023 førte til at president Ali Bongo Ondimba blei avsett og «Komiteen for endring av samfunnsinstitusjonar» (Comité pour la transition et la restauration des institutions, CTRI) som overtok makta utnemnde Oligui til fungerande president i Gabon i ei kunngjering på statleg TV.[8] I eit intervju seinare same dag refererte han til Bongo som «avgått» og sa at maktovertakinga skjedde på grunn av misnøye med utviklinga i landet, med Bongos slag i 2018 og avgjerda hans om å stille til val for ein tredje periode.[9] Utnemninga hans blei seinare bekrefta av andre generalar,[10] og han blei formelt innsett som overgangspresident i presidentpalasset 4. september.[11][12]
I tiltredingstalen sin lova Nguema å halde frie val, men han gav ingen eksakt dato for når dette skulle gjennomførast. Han sa også at ei ny regjering skulle vere klar i løpet av få dagar.[13]
Kjelder
endre- ↑ «Gabon military officers claim to have seized power after election». CNN. 30. august 2023.
- ↑ «General Nguema appointed transitional president of Gabon following coup». Anadolu Agency. 30. august 2023.
- ↑ «Putsch au Gabon: qui est le général Brice Clotaire, formé à l'Académie de Meknès?». H24info.ma. 30. august 2023.
- ↑ «Who is Brice Oligui Nguema, alleged coup leader in Gabon?». Aljazeera. 30. august 2023.
- ↑ «Coup d'état Gabon, notre portrait du général Brice Oligui Nguema, patron de la Garde Républicaine». Mondafrique. 30. august 2023.
- ↑ «JUST-IN: Col. Brice Nguema Is New Gabonese Leader, Replaces Ali Bongo». 30. august 2023.
- ↑ «GABON : Brice Clotaire Oligui Nguema resurrects Operation Mamba – 20/11/2019 – West Africa Newsletter». Africa Intelligence. 20. november 2019.
- ↑ «Qui est Brice Clotaire Oligui Nguema, le Général à la tête de la transition gabonaise ?». 30. august 2023.
- ↑ «Gabon's coup-leading general says President Bongo has been 'retired'». Le Monde. 30. august 2023.
- ↑ «Gabon coup leaders name General Brice Oligui Nguema as new leader». BBC. 31. august 2023.
- ↑ «Gabon coup leader Brice Nguema sworn in as president». BBC. 4. september 2023.
- ↑ «Gabon coup leader takes presidential oath and promises 'free' elections». The Guardian. 4. september 2023.
- ↑ Naadi, Thomas (4. september 2023). «Gabon coup leader Brice Nguema vows free elections - but no date». BBC.
- Denne artikkelen bygger på «Brice Oligui Nguema» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2023.