Omar Bongo
El Hadj Omar Bongo Ondimba, opphavleg Albert-Bernard Bongo (30. desember 1935–8. juni 2009) var president i Gabon frå 1967 fram til han døydde i 2009.
Omar Bongo | |||
| |||
Fødd | 30. desember 1935 Bongoville | ||
---|---|---|---|
Død | 8. juni 2009 (73 år) | ||
Statsborgar av | Frankrike, Gabon | ||
Yrke | politikar, militær | ||
Ektefelle | Patience Dabany, Édith Bongo | ||
Barn | Ali Bongo, Pascaline Bongo | ||
Verv | president av Gabon 1967–2009 | ||
Føregangar | Léon M'ba | ||
Etterfylgjar | Ali Bongo | ||
Alle verv |
Omar Bongo var fødd i Lewai (noverande Bongoville) i Fransk Ekvatorial-Afrika (noverande Gabon). Han tilhøyrde folkegruppa bateke, ei minoritetsgruppe i Gabon.[1] Han var visepresident under Léon M'ba, og blei president i landet i november 1967, etter at M'ba døydde. Bongo konverterte til islam i 1973, og endra då fornamnet sitt til Omar. 15. november 2003 tok han Ondimba som etternamn til ære for far sin, Basile Ondimba, som hadde døydd i 1942.[2]
Frå 1991 blei det innført fleirpartisystem i landet, sjølv om Bongo blei rekna for å vera imot dette grunna stammelojalitetar. Han heldt fram med å vinna vala i 1993, 1998 og 2005
Omar Bongo døydde klokka 12.30 den 8. juni 2009 i Barcelona i Spania av eit hjarteåtak.[3]
3. september 2009 erklærte sonen hans Ali Bongo seg som vinnar av presidentvalet som skulle velja etterfølgjaren til Omar.
Privatliv
endreBongo var ein av dei mest velståande statssjefane i verda, takka vera petroleumsinntekter og påstått korrupsjon.[4] Han var gift tre gonger, og fekk over 30 barn med konene sine og andre kvinner.[5]
Bongo var fyrst gift med Louise Mouyabi-Moukala. dei fekk ei dotter, Pascaline Bongo Ondimba, som blei fødd i Franceville i 1956. Pascaline var mellom anna utanriksminister i Gabon.
I det andre ekteskapet var Bongo gift med Marie Joséphine Kama, seinare kjend som Joséphine Bongo og etter at dei skilde seg i 1987 som Patience Dabany, med ein musikalsk karriere under dette namnet. Dei fekk ein son, Alain Bernard Bongo, og ei dotter, Albertine Amissa Bongo. Alain Bernard Bongo (seinare kjend som Ali-Ben Bongo) var fødd i Brazzaville i 1959. Han var utanriksminister frå 1989 til 1992, forsvarsminister frå 1999 til 2009, og blei så vald til president i august 2009 som etterfølgjar av faren.[6]
Bongo blei så gift med den nær 30 år yngre Edith Lucie Sassou-Nguesso i 1989. Han var gift med dottera til presidenten i Republikken Kongo, Denis Sassou-Nguesso. Ho var utdanna barnelege, og blei kjend for bidraget sitt til kampen mot AIDS.[7] Ho og Bongo fekk to barn.[8] Edith Lucie Bongo døydde 14. mars 2009, fire dagar etter at ho fylte 45, i Rabat i Marokko, der ho hadde hatt behandling i fleire månader.[7][9]
I 2003 skapte Bongo ein diplomatisk krise mellom Gabon og Peru etter at han prøvde kjøpa sex av Ivette Santa Maria, den peruanske kandidaten til Miss Universe, etter at ho var invitert til Gabon.[10]
Kjelder
endre- ↑ Reed, Michael C. (June 1987), «Gabon: A Neo-Colonial Enclave of Enduring French Interest», The Journal of Modern African Studies (Cambridge University Press) 25 (2): 283–320, JSTOR 161015, OCLC 77874468, doi:10.1017/S0022278X00000392
- ↑ Gardinier, David E. and Yates, Douglas A. Historical Dictionary of Gabon, (2006) 3. utg., Scarecrow Press, ISBN 0810849186, s. 39, 44.
- ↑ «BBC NEWS - Africa - Gabon's Omar Bongo confirmed dead». Henta 11. juni 2009.
- ↑ "Bongo looted Gabon with impunity"[daud lenkje]. thetimes.co.za
- ↑ "Obituary: Omar Bongo". BBC. 8. juni 2009.
- ↑ «Ali Bongo: Like father, like son?». BBC News. 4. september 2009. Henta 20. mai 2010.
- ↑ 7,0 7,1 Ogoula, Séraphin (16. mars 2009). «Gabonese First Lady dies Saturday in Morocco». Arkivert frå originalen 15 February 2012. Henta 11. juni 2009.. infosplusgabon.com
- ↑ Bremer, Jack (9. juni 2009) «Step forward Bongo Jnr». Arkivert frå originalen 11. juli 2009. Henta 18. juni 2009.. thefirstpost.co.uk
- ↑ «Omar Bongo's wife Edith dies in Morocco». 15. mars 2009. Arkivert frå originalen 15. september 2013. Henta 15. september 2013..
- ↑ «Presidenten försökte köpa Fröken Peru». 6. februar 2004.
- Denne artikkelen bygger på «Omar Bongo» frå Wikipedia på svensk, den 11. januar 2024.