Briggsbreen
Briggsbreen er ein isbre mellom Mount Worsley og The Trident sentralt på Sør-Georgia, som flyt nordvest og ut i Murray snømark. Han vart kartlagt som ein isbre som flyt ut i enden av Possession Bay i 1929 av kapteinløytnant John M. Chaplin i Royal Navy (1888–1977). Chaplin var landmålar ombord på RRS «Discovery» under Discovery Oceanographic Expedition i 1925–1927, og vart seinare sjef for den hydrografiske undersøkinga på Sør-Georgia, 1928–30.
Briggsbreen | |||
isbre | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°10′S 37°8′W / 54.167°S 37.133°W | ||
Briggsbreen 54°10′00″S 37°08′00″W / 54.166666666667°S 37.133333333333°W | |||
Kart som viser Briggsbreen.
|
Briggsbreen vart kalla opp etter matrosen A.C. Briggs, på RRS «Discovery» i 1925–27 og eit medlem av landmålingsgruppa til Chaplin i 1928–30. I løpet av South Georgia Survey i 1955–1956 vart det komplekse isbre- og snømarkområdet sør for Possession Bay for første gong kartlagd i detalj, og Briggsbreen vart plassert på kartet på ny.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Briggs Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Briggsbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).