Brit Sandaune

norsk fotballspelar

Brit Sandaune (fødd 5. juli 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Skatval i Nord-Trøndelag som vart olympisk meister med Noreg i 2000 og vann OL-bronse i 1996. I tida 1993-2003 sanka ho heile 15 nasjonale pokalar med Trondheims-Ørn. Ho var mange sesongar kantspelar, seinare oftast høgreback.

Brit Sandaune


Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juni 1972 (51 år)
Stjørdal kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Sandaune spelte på Stjørdals-Blink til og med 1989. Sidan var ho frå 1990 til 2004 aktiv i toppserielaget Trondheims-Ørn, eit lag ho gjennom desse 15 sesongane vann åtte cupfinalar og sju seriemeisterskap med. Ho spelte 258 toppseriekampar og skåra 127 mål.

Sandaune var landslagsspelar frå 1995 til 2003. Ho deltok i samtlege norske meisterskapstroppar i tida 1996-2003. På sine 119 landskampar noterte ho seg for 9 nettkjenningar. I bronsefinalen under Sommar-OL 1996 kom ho inn på bana etter ein halv times spel i staden for skadde Heidi Støre, medan ho i 2000 i Sydney spelte heile OL-finalen som enda med norsk triumf etter «golden goal».

Merittar endre

  • Olympisk meister: 2000 med Noreg
  • OL-bronse: 1996 med Noreg
  • Seriemeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 2000, 2001 og 2003 med Trondheims/Ørn
  • Noregsmeister: 1993, 1994, 1996, 1997, 1998, 1999, 2001 og 2002 med Trondheims/Ørn

Kjelder endre