Heidi Støre

norsk fotballspelar

Heidi Elin Støre (fødd 4. juli 1963) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Sarpsborg. Ho vart europameister 1987 og 1993 og verdsmeister 1995. Midtbanespelaren Støre vann elles sølv i EM 1989, EM 1991 og VM 1991 og fekk OL-bronse i 1996.

Heidi Støre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juli 1963 (60 år)
Sarpsborg kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Klubbspel

endre

Støre spelte på Sprint-Jeløy frå 1979 til –84. Åra 1985–88 var ho aktiv i svenske Trollhättan, ein periode der ho utvikla seg til å verte ein fyrsteklasses midtbanedirigent. 1989-94 var ho på ny Sprint-Jeløy-spelar, og var sentral då Mosse-laget vann den norske toppserien i 1990 og i 1993. 1995-sesongen var ho aktiv i Kolbotn IL. Seinhaustes 1995 fekk ho kontrakt med den japanske fotballklubben Nikko, ein klubb ho tente til ho la opp i 1999.

Landslagsspel

endre

Støre landslagsdebuterte i 1980 mot Danmark. Frå 1985 var ho ein drivande spelar i Noregs landslag. Etter kvart vart ho landslagskaptein, rolla som kaptein og strateg gjorde henne til ein framgrunnsfigur i norsk kvinnefotball. I 1987 leia ho landslaget til siger i den aller fyrste europameisterskapen i kvinnefotball, attpåtil på norsk grunn. Finalen fann stad på Ullevål stadion, der Noreg møtte Sverige. Framom 10 000 tilskodarar vart svenskane slått med 2–1. Dei neste åra var Støre den viktigaste aktøren då Noreg tok seg til EM-finale i 1989 og på ny i 1991, og til VM-finalen 1911. Alle desse finaleoppgjera enda med norske tap. I juni 1993 kunne derimot Støre i italienske Cesena heve EM-pokalen etter Noregs lag vann 1-0 over vertslandet Italia. To år seinare var Støre ikkje like sentral for det norske laget som gjekk til topps i VM i fotball 1995, nye profilar som Hege Riise, Ann Kristin Aarønes og Gro Espeseth hadde avgjort heva nivået i norsk og internasjonal kvinnefotball. Fram til 1997 deltok Støre i 151 landskampar. Gjennom 18 sesongar skåra ho 22 landslagsmål.

Sidan 2005 har Støre vore tilsett i Norges Fotballforbund.

Merittar

endre
  • Verdsmeister: 1995 for Noreg
  • Europameister: 1987 og 1993 for Noreg
  • VM-sølv: 1991 for Noreg
  • EM-sølv: 1989 og 1991 for Noreg
  • OL-bronse: 1996 for Noreg
  • Seriemeister: 1990 og 1993 med Sprint-Jeløy

Kjelder

endre