Brottøya er ei øy i Hadsel kommune i Nordland. Øya ligg i Hadselfjorden, på vestsida av det nordlege innløpet til Raftsundet og vest for Ingelsfjorden. Det høgaste punktet på øya er om lag 60 meter over havet.

Brottøya
Geografi
Stad Hadselfjorden
Koordinatar 68°29′7″N 15°10′23″E / 68.48528°N 15.17306°E / 68.48528; 15.17306
Øygruppe Vesterålen

Høgaste punkt Kråkdalshaugen (60 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Brottøya har hurtigbåtsamband til Stokmarknes og Kaljord. Øya er òg stoppestad for bilferja mellom Kaljord og Hanøy.

Under planlegginga av Lofoten sitt fastlandssamband (Lofast) var eitt av alternativa å legge vegen over Brottøya til Helgenes og Lonkan og vidare mot Hennes, Blokken og Sigerfjorden. Alternativet vart derimot forkasta og og Lofast vart i staden bygd mot Gullesfjorden og med bru over Raftsundet.

Bakgrunnsstoff

endre