Ferje er ei nemning på ein båt eller eit skip som fraktar passasjerar og køyretøy over avgrensa avstandar. Ferjer kan enten vere småe personferjer som ikkje kan ta med seg køyretøy, eller vere større bilferjer med plass til køyretøy, og jarnbaneferjer med spor for tog. På jarnbaneferjer er det ofte fleire spor attmed kvarandre, slik at lange tog kan takast med ved å verte delte opp.

Bilferja MF «Bastø» på veg mot Horten i sambandet Moss - Horten.
Bilferja MF «Røst»Røst.
Passasjerferja MF «Kongen» (som tidlegare hadde namnet Tidekongen) i sambandet mellom Oslo og NesoddtangenNesodden.
Jarnbaneferja M/F «Tycho Brahe» var fram til år 2000 ei kombinert ferje for frakt av både bilar og tog over Øresund mellom Helsingør og Helsingborg.

Ordet «ferje» kjem av norrønt «ferja». Å ro ferja tydde å ro folk eit kort stykke. På bokmål og i nokre bymål nyttar ein nokre gonger nemninga «ferge», etter dansk «færge».

Ferjetrafikk er viktig for mange kystbuarar. Kostnaden for ferjetrafikk er ofte lågare enn å byggja ei bru eller ein undersjøisk tunnel. Trass i lågare kostnad vert ferjetrafikken mange stader lagt ned. Ferjeulykker, vêret, sjeldne avgangar, mangel av nattruter, driftsproblem og streik gjer at dei som avheng av ferje ofte ynskjer landfast samferdsel. Ei bru eller ein tunnel gjev også folk større fridom til å reisa når dei ynskjer. Særleg gjeld dette når bilismen er på frammarsj.

I 1999 vart det frakta 46 millionar passasjerar i Noreg via 336 ferjer. Av dei var det 37 millionar på bilferjer. Det var ein nedgang på nesten 13 % frå 1990.[1] Det ferjesambandet kor det vert frakta flest passasjerar er ruta mellom Nesoddtangen og Aker Brygge, som opphavleg vart drive av A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap, men som vert drive av eit anna reiarlag etter anbodskonkurranse i regi av Ruter AS, eit offentleg eigd selskap for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus. Her vert det årleg frakta 2,3 millionar passasjerar; desse ferjene tek ikkje bilar.

Ei passasjerferje for passasjerar til fots er ofte kalla ein «vassbuss» eller «vassdrosje». Døme på dette finn ein i Venezia i Italia. Norske døme på slik ferjetrafikk finn ein i området kring Bergen. Frå mellomalderen og fram til 1930-åra gjekk mykje av trafikken i Bergen over vatn. Trafikken vart utført av såkalla fløttmenn eller ferjemenn.

Kulturell og symbolsk tyding endre

Ferjetrafikk har hatt stor kulturell tyding. På ferjene har folk kome saman og laga til eigne sosiale rom. Romanen Kjærleikens ferjereiser av Edvard Hoem skildrar noko av kulturen knytt til ferjene på vestkysten av Noreg.

Symbolsk kan ei ferje eller ferjereis tyda ‘overgang i livet’ eller generell overgang eller endring, ein vert ferja inn i eit nytt tilvære. Urtypen av ferjemannen finn ein i gresk mytologi. Ferjemannen Karon (eller Charon) ferjar folk over grenseelva Akheron, inn i dødsriket.

Skipstypeforkorting endre

Dei fyrste dampferjene hadde båtnemninga DF. Dei første bilferjene hadde nemninga BF, men i nyare tid er MF, for motorferje, meir vanleg. Motorskip (MS) opererer også gjerne som ferjer.

Referansar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. oktober 2007, henta 16. juni 2006 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ferje