Brow Head
Brow Head er eit nes i Irland som utgjer det sørlegaste punktet på det irske fastlandet. Neset ligg 3,8 km aust for Mizen Head som så vidt ligg lenger nord i County Cork.
Brow Head | |||
nes | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Brow Head 51°26′52″N 9°46′20″W / 51.44777778°N 9.77222222°W | |||
Wikimedia Commons: Brow Head |
Signaltårnet på Brow Head er ei rekkje av tårn bygd i 1804 for å åtvare mot ein fransk invasjon. Opphavleg vart det signalisert ved hjelp av eit system av flagg og svarte kuler på master. Brow Head eller Mallavogue vart eit gruveområde på 1800-talet. og restane etter gruvene og husa til gruvearbeidarane står framleis.[1]
I 1904 inngjekk Marconi’s Wireless Telegraph Co. Ltd. ein kontrakt med Commissioners of Irish Lights for å sette opp telegrafutstyr og antenner på Fastnet Rock. Telegrafstasjonen vart flytta til Brow Head der signaltårnet vart nytta til å kontakte passerande skip.
Fotnotar
endre- ↑ «The Mizen Peninsula - Brow Head». Cork Guide. Henta 15. september 2007.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brow Head» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2007.