Brownsbreen
Brownsbreen er ein liten isbre 7,5 km nord for Chaosbreen, som flyt vestover til nordenden av Ranvik. Isbreen vart kartlagt av norske kartografar frå flyfotografi teken av Thorshavn-ekspedisjonane (1936–37), og identifisert på ny av John H. Roscoe i 1952 under undersøkingar av området frå U.S. Navy sine bilete frå Operasjon Highjump (1946–47). Breen vart namngjeven av Roscoe etter løytnant Eduardo P. Brown i US Navy, som var fotograf med den vestlege arbeidsgruppa under Operasjon Highjump.[1]
Brownsbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Princess Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 68°56′S 78°0′E / 68.933°S 78.000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Brownsbreen 68°56′00″S 78°00′00″E / 68.9333°S 78°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Browns Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Brownsbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).