Brufjorden
61°32′0.58920″N 5°4′0.32520″E / 61.5334970000°N 5.0667570000°E Brufjorden er ein fjord i Kinn kommune i Vestland. Han ligg på nordsida av Brulandet og øyane Askrova og Svanøy. På sørsida av Brulandet ligg Stavfjordane. På nordsida av fjorden ligg Stavøy.
Fjorden strekkjer seg frå Oddane, ei gruppe holmar, i nordvest og 11 km søraustover, der innløpet til Førdefjorden ligg. På fastlandet i aust ligg grenda Bru, som han er kalla opp etter. Fjorden ligg like sør for Florø på norsida av Vassreset som ligg nord for fjorden.