61°34′18.948″N 5°0′22.795″E / 61.57193000°N 5.00633194°E / 61.57193000; 5.00633194 Vassreset er ein fjord i Kinn kommune i Vestland på sørsida av byen Florø. Fjorden er ei fortsetjing av Rekstafjorden i vest og strekkjer seg 6 km austover til der Solheimsfjorden.

Vassreset startar sør for Søre Nekkøya og nord for Store Stårøya. På sørsida ligg holmane Oddane, som markerer den nordlege grensa til Brufjorden. Den austlege grensa går mellom Verdesund og Florø lufthamn. Stundom vert Solheimsfjorden rekna som ein del av Vassreset, og inkludert denne fjorden vert lengda 13 km.