Bruno Kernen

Bruno Kernen (fødd 1. juli 1972) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Thun. Han vart verdsmeister i utfor under VM i alpint 1997 i Sestriere. I same meisterskapen fekk han sølv i den alpine kombinasjonen. Både i VM i alpint 2003 i St. Moritz og under vinter-OL 2006 i Torino vann han bronsemedalje i utfor. I sin siste sesong fekk han atter ein bronsemedalje, då i super-G i alpin-VM 2007 i Åre. Samanlagd i verdscupen i alpint vart han nummer 12 både i 1996 og 2003.

Bruno Kernen

Bruno Kernen.jpg

Statsborgarskap Sveits
Fødd 1. juli 1972 (50 år)
Thun
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2006 – Utfor menn

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • 1997: Gullmedalje i utfor og sølvmedalje i kombinasjonsøvinga under VM i alpint i Sestriere
  • 1998: Nr 12 i super-G under vinter-OL i Nagano
  • 1999: Nr 7 i super-G under VM i alpint i Vail
  • 2001: Nr 13 i utfor under VM i alpint i St. Anton
  • 2002: Nr 11 i storslalåm under vinter-OL i Salt Lake City
  • 2003: Bronsemedalje i utfor under VM i alpint i St. Moritz
  • 2005: Nr 5 i utfor under VM i alpint i Bormio
  • 2006: Bronsemedalje i utfor under vinter-OL i Torino
  • 2007: Bronsemedalje i super-G under VM i alpint i Åre

Sigrar i verdscupenEndra

Dato Stad Grein
19. januar 1996 Flag of Switzerland.svg Sveits Veysonnaz Utfor
20. januar 1996 Flag of Switzerland.svg Sveits Veysonnaz Utfor
18. januar 2003 Flag of Switzerland.svg Sveits Wengen Utfor

Kernen la opp som aktiv alpinist i 2007.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra