Bruno Pontekorvo
italiensk fysikar
Bruno Maksimovitsj Pontekorvo (22. august 1913–24. september 1993) var ein italiensk-russisk fysikar.
Bruno Pontekorvo | |||
| |||
Fødd | 22. august 1913 Pisa | ||
---|---|---|---|
Død | 24. september 1993 Dubna | ||
Nasjonalitet | Italia, Storbritannia, Sovjetunionen, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongedømet Italia | ||
Område | kjernefysikk, partikkelfysikk, fysikk, forsking og utvikling | ||
Yrke | fysikar, kjernefysiker, vitskapsperson | ||
Institusjonar | La Sapienza Det forente instituttet for kjerneforskning Chalk River Laboratories | ||
Alma mater | La Sapienza Universitetet i Pisa | ||
Doktorgradsrettleiar | Enrico Fermi Frédéric Joliot-Curie | ||
Medlem | Det russiske vitskapsakademiet Det sovjetiske vitskapsakademiet |
Han vart utdanna i Italia og sidan i England. Han var tilknytt den anglo-kanadiske forskargruppa som arbeidde med utviklinga av kjernefysisk energi i Montreal frå 1943 til 1946, og var sidan ved det kanadiske forsyningsdepartmentet fram til 1949. Han hadde ei leiande forskarstilling ved atomforskingsinstituttet i Harwell i Storbritannia i 1949-1950. Han forlet i løyndom Storbritannia i 1950 og reiste til Sovjetunionen der han vart tilknytt Vitskapsakademiet i Moskva og instituttet for kjernefysikk i Dubna. Frå 1956 var han gruppeleiar ved instituttet der han har arbeidd med utvikling av akselratortypar.
Kjelder
endre- Bruno Maksimovitsj Pontekorvo. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Bruno_Maksimovitsj_Pontekorvo