Brurberget
Brurberget var tingstad for Vágar, der frie menn møtte kvarande, gav lover, og sa dom. Det var ei eige lovbok i bruk, Vågaboka, som var rådande helt fram til år 1282. Stadnamnet tyder også på eit førkristent hov i område. Det var her Tore Hund i 1027 måtte stå til rette for eit drap som hende på ei Bjarmlandsferd.
Det har vore to ulike tolkingar av statusen åt Vågaboka:
- Lovsamling for heile Hålogaland, med andre ord tinget på Brurberget var lagting fram til det blei flytta til Steigartinget rundt år 1400. Eller
- Ei lovsamling med uformell rettsstatus, og berre for fisket og verksemda ved Vágar.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |