Bryden Thomson (16. juli 192814. november 1991) var ein skotsk dirigent som særleg blir hugsa for støtta si for britiske og skandinaviske komponistar. Innspelingane hans inkluderte innverknadsrike tolkingar av orkestermusikken til Hamilton Harty og Arnold Bax. Han var hovuddirigent i fleire britiske orkester, inkludert Ulster Orchestra, som bløma under han.[1]

Bryden Thomson
Fødd16. juli 1928
FødestadAyr
Død14. november 1991 (63 år)
DødsstadDublin
OpphavStorbritannia
Verka somdirigent

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Bryden («Jack») Thomson var fødd i Ayr,[2] og spelte fiolin og cello frå barndommen.[3] Kort etter at han hadde byrja på Royal Scottish Academy of Music i Glasgow på eit stipend, 15 år gammal, blei han kalla opp til å gjera militærteneste under andre verdskrigen i Highland Light Infantry. Her spelte han piano i det regimentale bandet og lærte seg klarinett.[3] Etter krigen gjekk han tilbake til studiane sine ved Royal Scottish Academy of Music.[3] I 1954 flytta han til Tyskland for å studere dirigering, fyrst hjå Hans Schmidt-Isserstedt ved den nyoppretta Hochschule für Musik i Hamburg, og deretter hjå Igor Markevitch ved Mozarteum-universitetet i Salzburg.[4]

Karriere

endre

Etter ei stilling som assistentdirigent i BBC Scottish Orchestra (1958-1962), hadde Bryden Thomson stillingar som hovuddirigent for fleire britiske orkester, inkludert BBC Northern Symphony Orchestra (1968-1973), BBC Welsh Symphony Orchestra (1978-1982) og Ulster Orchestra (1977-1985).[2] Mellom 1984 og 1987 var han hovuddirigent for det irske RTÉ sitt symfoniorkester. Han var òg hovuddirigent for Scottish National Orchestra (1988-1990), og var berre den andre skotten i denne stillinga.

Som operadirigent arbeidde Thomson òg med den norske nasjonalopera og ballett, den kongelege svenske operaen og Scottish Opera.[5]

Thomson var ein engasjert fortolkar av engelsk kunstmusikk. Han hjelpte til med å gjenoppretta kjennskapen til Arnold Bax ved å lage ei lang serie CD-innspelingar for Chandos Records (med Ulster orchestra og London Philharmonic Orchestra), inkludert mange tonedikt og ein lovprisa syklus av symfonianehans.[4] Han gjorde ein liknande teneste for musikken til den irske komponisten Hamilton Harty ved å spela inn deu samla orkesterverka hans med Ulster Orchestra, igjen for Chandos.[4] Han spelte òg inn Chandos sin godt mottekne serie med opptak av orkestermusikk av Vaughan Williams og William Walton.[1] Andre britiske komponistar han gjekk i bresjen for inkluderte Alun Hoddinott,[3] Daniel Jones,[6] Kenneth Leighton, Thomas Wilson[3] og Grace Williams.

Ein syklus av Martinů-symfoniar som han spelte inn med Scottish National Orchestra mellom 1989 og 1990 fekk lovord frå kritikarar.[7] Thomson hadde òg ei sterk interesse for nordiske komponistar som Holmboe, Nielsen, Sallinen og Sibelius.[5] Nielsen-tolkingane hans er blitt mykje beundra, inkludert ein opptak av Symfoni nr. 4 og Symfoni nr. 6 med Scottish National Orchestra, som kom til å bli dei siste innspelingane hans.[8]

Privatliv og ettermæle

endre

Thomson døydde av kreft i Dublin i november 1991. I 2003 overførte enka hans, Mary Ellison Thomson, notesamlinga hans til National Library of Ireland, og i 2008 skipa ho Bryden Thomson Trust til støtte for unge dirigentar.[9]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Couzens, Brian (1992). «Obituaries». Januar 1992: 28. Henta 15. februar 2012. 
  2. 2,0 2,1 Oron, Aryeh (2003). «Bryden Thomson biography». Bach Cantatas Website. Henta 20. september 2007. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Wright, David CF (1991–2009). «Bryden Thomson» (PDF). www.wrightmusic.net. Henta 15. februar 2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Froggatt, Richard (1993). «Bryden Thomson (1928–1991): conductor». Dictionary of Ulster Biography. Henta 25. februar 2012. 
  5. 5,0 5,1 «Elgar—Enigma Variations, CD booklet notes» (PDF). Chandos Records. Arkivert frå originalen (PDF) 12. september 2015. Henta 25. februar 2012. 
  6. «Daniel Jones». www.lyrita.co.uk. Henta 16 February 2012. 
  7. Barfoot, Terry (2005). «Martinů». Arkivert frå originalen 30 June 2018. Henta 16 February 2012. 
  8. Layton, Robert (1993). «Nielsen. Symphonies—No. 4, "The inextinguishable", FS76; No. 6, "Sinfonia semplice", FS116. Royal Scottish National Orchestra / Bryden Thomson. Chandos». March 1993: 50–53. Henta 30 August 2020. 
  9. «Minister Cullen launches Bryden Thomson Trust for Young Conductors». Department of Arts, Heritage and the Gaeltacht. Arkivert frå originalen 1 July 2012. Henta 26 February 2012.