Bryne kompetansesenter

Bryne kompetansesenter er eit interkommunalt vaksenopplæringssenter på BryneJæren i Rogaland fylke. I 2017 er det om lag 300 deltakarar og elevar ved kompetansesenteret, frå meir enn 30 land, med om lag 30 tilsette i undervisning og administrasjon.

Bryne kompetansesenter, Torkel Maulands veg 2, 4340 Bryne

Avdeling norsk for barn - grunnleggjande norskopplæring (GNO)

endre

Avdelinga gjev opplæring til innvandrarar i alder 6 til 16 år som nyleg er komne til Norge. Dei har undervisning her om lag eitt år før dei går fulltid på heimeskulen i Time kommune.

Avdeling norsk og samfunnskunnskap for vaksne

endre
  • eit samarbeid mellom kommunane Time og Klepp.

Avdelinga gjev opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar som nyleg er komne til Noreg, og som bur i kommunane Time og Klepp.

Avdeling grunnskule for vaksne

endre
  • eit samarbeid mellom kommunane , Klepp og Time

Avdelinga gjev førebuande opplæring for vaksne på grunnskulenivå, og underviser i norsk, matematikk, samfunnsfag, naturfag og engelsk. Eksamen kvalifiserer til vidaregåande utdanning.

Bryne kompetansesenter tilbyd også spesialundervisning for vaksne med eigen synspedagog og samarbeidande logoped.

Historikk

endre

Time språkstasjon vart skipa i 2000, med om lag femti deltakarar. Etter kvart vart språkstasjonen eit samarbeid mellom kommunane Time og Klepp. I 2015 vart namnet endra til Bryne kompetansesenter; tre kommunar samarbeider no - Time, Klepp og [1].

Fotnotar

endre
  1. Bryne kompetansesenter: Bakgrunn

Bakgrunnsstoff

endre