Brynhild
kvinnenamn
Brynhild er eit kvinnenamn av norrønt opphav. Det har namnedag den 16. august.
Opphavet er norrønt, av brynja, 'brynje', og hildr, 'strid'. Namnet er kjent frå rundt 1180, truleg gjennom soga om Sigurd Fåvnesbane. Valkyrja Brynhild er kjend frå denne soga og frå eddadiktet «Helreið Brynhildar». Ho er blitt kjend som Brünnhilde i Nibelungenlied og operaverket Nibelungenringen.
Namneberarar
endre- Brynhild eller Brunhilda av Austrasia (ca. 543–613), frankisk dronning
- Brynhild Paulsdatter Størseth (1859-ca. 1908), kjend som Belle Gunness, norsk-amerikansk seriemorda
- Brynhild Berge (1901–1975), norsk stupar
- Brynhild Haugland (1905–1998), norsk-amerikansk delstatspolitikar i Nord-Dakota
- Brynhild Synstnes (f. 1971), norsk løpar