Hild er saman med Hilda og Hilde moderne former for det norrøne hildr, eit ord som tyder 'strid'. På islandsk er det blitt til namnet Hildur, som òg er i bruk i Noreg.

Namnedel og namn endre

Som førsteledd kan hild eller hilde brukast i både manns- og kvinnenamn. Som sisteledd markerer det derimot eit kvinnenamn.

Namn med hild
som førsteledd:

Kvinnenamn Mannsnamn

Hildborg
Hildebjørg
Hildefrid
Hildegard
Hildegunn
Hildora
Hildrun
Hildunn

Hilberg
Hilbert
Hildebjørn
Hildebrand
Hildemar
Hilding

Namn med hild
som sisteledd:






Bruk endre

Det var i 2005 om lag 300 som heiter Hild, 1 200 som heitte Hilda, 2 000 som heitte Hildur og 18 400 som heitte Hilde i Noreg. Hild er dermed eit nokså uvanleg namn, brukt av 0,01 % av norske kvinner.

 
Valkyrja Hild i Hjaðningavíg. Biletstein frå Gotland.

Hild i kulturen endre

«Hild-soga» eller Hjaðningavíg er ei norrøn soge om bortføringa av Hildr, dotter av Hǫgni, og det store slaget som følgde. Hildr er blitt rekna som ei valkyrje.

Kjende namneberarar endre

Lista er ordna kronologisk etter fødselsår.

Bakgrunnsstoff endre