For bygda Bu, sjå Bu i Hardanger.

Bu kan visa til fleire slag byggtypar med ulik bruk, til dømes som utsalsstad, lager eller opphaldsrom.

Buer ved Hedemora julskyltning (julemarknad) i Sverige.

Bu som bygg, rom og eigedom endre

Bu med opphav i norrønt búð (bokmål bod) kan vera ei enkel hytte eller eit rom med eit visst føremål. Det kan vera eit mindre vareutsal drive på fast eller kortvarig basis, til dømes krambu, pølsebu eller bu som sel annan snøggmat. Andre buer kan nyttast som kiosk.

 
Svensk matbu.

Ein annan type bu kan vera opplagsstad for mat eller utstyr, til dømes matbu, rorbu, verktøybu eller vedbu. Slike typar buer treng ikkje vera eigne bygg, men kan vera rom i eit bygg, som kjellarbu. Vidare kan ordet «bu» nyttast om visse større lagerstader, som tollbuer.

Bu med opphavet , det å bu ein stad, kan visa til ein bustad eller ein eigedom. Dette har òg ei juridisk tyding i samband med dødsbu, konkursbu, sambu og så bortetter.

Utvikling endre

 
Linbu ved mellomaldermarknaden i Tavastehus i Finland.

Det blei reist buer på det islandske Alltinget, med veggar av stein og torv og telttak av vadmål. Ein ser for seg liknande lettbygde buer ved norske tingstader og faste marknadsstader i Noreg.

Moderne buer kan vera midlertidige bygg av til dømes tre eller presenning, flyttbare bygg eller køyretøy, eller dei kan vera mindre, faste bygg, gjerne i ein eigen stil som minner om tidlegare buer.

Politiske definisjonar av buer endre

 
Ein svensk friggebod.

Politiske eller statlege definisjonar av kva som er ei bu har ført til kallenamn som «brustadbu» i Noreg, som i 1997 avgrensa storleiken på storkioskar som kunne ha ope utanom vanlege opningstider for daglegvarebutikkar. Vanlege butikkar kunne ikkje vera større enn 100 km² og bensinstasjonar ikkje større enn 150 km². Bua fekk namn etter statsråd Sylvia Brustad.

Sverige har omgrepet «friggebod» etter statsråden Birgit Friggebo, som frå 1979 avskaffa krav om byggeløyve til opptil to frittståande bygg på til saman mindre enn 10 km² på ein eigedom.

Namn endre

Bu er brukt som namn og namneledd i norske stadnamn og etternamn, som Bu i Hardanger, Andebu, Fornebu, Selbu og Sparbu.

Namneberarar endre

  • Kari Bu (f. 1978), norsk journalist og forfattar

Kjelder endre

«bu – i stedsnavn» i Store norske leksikon, snl.no. «bu – skur» i Store norske leksikon, snl.no.