Julemarknad er ein gatemarknad som blir stella til i samband med jul og advent, hovudsakleg i dei fire vekene før julaftan. Slike marknadar oppstod i Tyskland og Austerrike, men blir no også haldne i mange andre land.

Julemarknad i Jena i Tyskland

Historie endre

Historia til julemarknaden går tilbake til seinmellomalderen i dei tysktalande delane av Europa. Marknaden i Dresden er ein av dei eldste og blei halden første gongen i 1434. Det trekkjer tikl seg mellom 1,5 og 2 millionar vitjande kvart år og har over 60 marknadsbuer.[1] Bautzen-julemarknaden er endå eldre og er nemnd i arkiv allereie tilbake i 1384.[2] «Desembermarket» i Wien var ein slags forgjengar for julemarknaden, og skriv seg tilbake til 1294.[treng kjelde]

I mange byar i Tyskland og Austerrike byrjar gjerne markeringa av advent med opninga av julemarknaden eller «Weihnachtsmarkt». I Sør-Tyskland og Austerrike kan ein også kalla det «Christkind(e)l(s)markt» på tysk, noko som bokstaveleg omsett tyder «Jesusbarnmarknad». Marknaden går som regel av stabelen frå torga i byen og dei tilstøytande fortaua. Det blir seld mat, drikke og andre sesongbetonte varer frå opne buer og det er tradisjonell song og dans. Nokre stadar er den tradisjon for at tilskodarane helsar marknaden velkomen på opningsdagen med «Christkind», eller Jesusbarnet, som blir framført av eit barn frå lokalmiljøet.

Attraksjonar og marknadsbuer endre

 
Stollen
 
Sibiu i Romania

Populære attraksjonar på marknaden inkluderer gjerne julekrybbe, Zwetschgamännla (figurar laget av dekorerte tørka plommer), Nussknacker ( handskorne nøtteknekkarar), Gebrannte Mandeln (rista mandlar), tradisjonelle julekaker som Lebkuchen og Magenbrot (begge ei form for mjuke pepperkaker), Christstollen (eller Stollen), ei kake med tørka frukt og gjerne strødd med melis utanpå, Bratwurst, og for mange sjølve høgdepunktet på marknaden; Glühwein, varm gløgg (med eller utan ein drope brandy), eller Eierpunsch, eggpunsj (ein eggebasert varm drikk med alkohol). Begge deler hjelpar til med å halda på varmen. Ein kan også finna mange andre varer på julemarknaden, slik som leiker, bøker, julepynt og anna.

Julemarknader rundt i verda endre

Det blir blanta anna halde kjende julemarknadar i dei tyske byane Erfurt, Lübeck, Nürnberg, Dresden (Dresdner Striezelmarkt), Stuttgart og Augsburg. Strasbourg i Frankrike har hatt julemarknad - Christkindelsmärik - rundt katedralen i byen sidan 1570 Julemarknadar er tradisjon i Alsace (eit område i Frankrike med sterk tysk innverknad) og dei fleste byane i området har eigne lokale marknadar.[3] Ein held også store julemarkednar blant anna i Leeds og Birmingham i England. Det finst òg julemarknadar i Romania, og tyske immigrantar har teke med seg tradisjonen til USA.

Julemarknader i Noreg endre

Det blir arrangert over 200 julemarknadar i Noreg.[4] Julemarknaden i Trondheim blei først halde i 2003 og foregår på Torvet og i Kongens gate.[5] Julemarknaden i Trondheim var i 2016 med på Daily Telegraph si liste over dei beste julemarknadane i Europa.[6] Julemarknaden i Oslo blei arrangert første gong i 2007 på Rådhusplassen, deretter i Spikersuppa i åra 2012–2014 og frå 2015 på Youngstorget.[7] Julemarknaden på Røros blei arrangert for første gong i 2010 og blir halden den andre helga i advent.[8]

Kjelder endre

  1. Schiller, M. (2007). 573 Striezelmarkt in Dresden. Besøkt 8.juli 2007, fra http://www.striezel-markt.de/
  2. 623. Bautzen Christmas market, frå http://www.weihnachtsmarkt-deuts[daud lenkje]chland.de/weihnachtsmarkt-bautzen.html
  3. Noël à Strasbourg. Noël à Strasbourg. besøkt 8.juli 2007, fra «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 17. august 2007. Henta 19. juli 2007. 
  4. «Mer enn 200 julemarkeder du kan besøke i år». klikk. 
  5. Kilnes, Camilla (25. august 2016). «Julemarkedet i Trondheim blir anbefalt i britisk avis». adressa.no (på norsk bokmål). 
  6. «16 of the best Christmas markets in Europe». The Telegraph. 
  7. «Oslo Julemarked». Arkivert frå originalen 6. januar 2017. Henta 22. desember 2016. 
  8. «Julemarked Røros». Julemarked Røros (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre