Buenaventura
Buenaventura er ein hamneby i Valle del Cauca-departementet i Colombia. Buenaventura, spansk for 'lukke', er den viktigaste hamna på den colombianske stillehavskysten.[1]
Buenaventura | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land | Colombia | |
Geografi | ||
Flatevidd | 6 078 km² | |
Flatevidd - By |
6 078 km² | |
Innbyggjarar - By (2013 estimat) |
339 356 | |
Koordinatar | 3°52′38″N 77°1′36″W / 3.87722°N 77.02667°W | |
Tidssone | EST (UTC-5) (UTC) | |
Diverse anna | ||
Telefon-retningsnummer | 224 | |
Heimeside: http://www.buenaventura.gov.co/ | ||
Nettstad: www.Buenaventura.gov.co |
Buenaventura er ein by med ein folkesetnad på 292 947[2] etter folketeljinga i 2005, og det meste av arealet av kommunen er landleg med spreidde små landsbyar. Folkesetnad er hovudsakleg av afrikansk avstamming (85 %) med 10 % blanda europeisk og urfolk og 5 % av spansk avstamming.
Byen vart grunnlagt 14. juli 1540. På den tida levde buscaja-indianarar i området og byen vart øydelagt av indianarar før 1600 og seinare gjenbygd. Buenaventura blomstra etter opninga av Panamakanalen i 1914. Per 2011 var byen prega av fattigdom og vald, og rekna som eit senter for kokainhandel i Colombia.[3]
Buenaventura har ein av dei største hamnene på kontinentet, står for om lag halvparten av all colombiansk import og eksport over havet,[4] og ca. 80 % av all kaffieksport frå landet går over hamna.[5] Men byen har vore hemma av gjengrelatert aktivitet slåst om kontroll av hamna, noko som gjer han til ein av dei farlegaste og fattigaste byane i Colombia.
Buenaventura har historisk rykte for å vere plaga av dei colombianske væpna konfliktane, narkotikahandel, vald, og nærvere av gerilja og paramilitære grupper.[6] På grunn av valden i Buenaventura skreiv New York Times ein artikkel med tittelen Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City .[7]
Buenaventura ligg ca. 30 kilometer frå den vestlege cordilleraen av Andes og langs bilveg ca. 145 kilometer frå den store byen Cali, hovudstaden i Valle del Cauca-departementet.[5] Buenaventura er ein av dei mest regnfylte byane i verda med 6000-7000 mm årleg nedbør. Middeltemperaturen over døgnet varierer lite gjennom året og ligg på ca. 26 °C.[8]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Buenaventura, Valle del Cauca» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2015
Fotnotar
endre- ↑ Los Angeles Times Colombian crackdown appears to be paying off 21. september 2009, henta 8. mai 2015
- ↑ archive.is Buenaventura population figures henta 8. mai 2015
- ↑ BBC News Drug submarines: Colombia's underwater cocaine traffic, 27. april 2011, henta 8. mai 2015
- ↑ Financial Times nettavis Lawless Colombia port to play key role in Pacific Alliance 1. april 2014, henta 8. mai 2015
- ↑ 5,0 5,1 Devereux, Charlie (2008). Colombia handbook. Footprint. s. 291-292.
- ↑ BBC News Colombian port city terrorised by criminal gangs 20. mars 2014, henta 8. mai 2015
- ↑ Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City 22. mai 2007, henta 8. mai 2015
- ↑ «Climate of Buenaventura -Table of Values» (på spansk). Instituto de Hidrologia Meteorologia y Estudios Ambientales. Henta 8. mai 2015.